hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer

Artikkelarkiv



Endeleg kan vi køyre brua!

Laurdag blir Dalsfjordbrua opna. Dette har vi venta lenge på, folkens! Derfor håper vi at mange, mange møter fram på opninga, og at alle heisar flagget på den store gledesdagen.

(10.12.2013) Les meir

Bli med på skikkeleg brufest!

- Kom til Klausen Mekaniske Verkstad og bli sveisa i hop!

(10.12.2013) Les meir

Informasjon om bruopning

Her kjem litt informasjon om feiringa i høve bruopninga laurdag 14.desember.

(12.11.2013) Les meir

100 dagar igjen

Datoen for opning av Dalsfjordsambandet er no klar: Laurdag 14. desember.

(05.09.2013) Les meir

Ventinga over i Hardanger

Det er ikkje berre dalsfjordingane som har venta lenge på bru. Også i Hardanger har dei kjempa ein lang kamp, om enn ikkje så lenge som oss. Tanken om bru over Hardangerfjorden vart lansert første gong i 1937, skriv VG Nett i dag.

(15.08.2013) Les meir

Har du testa tunnelen?

Som kjent vart Nishammartunnelen opna i midten av juni. Mange snakkar om den fine, nye tunnelen – og synest det er artig med den blå rundkøyringa.

(06.08.2013) Les meir

Nishammartunnelen opnar fredag

Første del av Dalsfjordsambandet er no ferdig. Fredag 14. juni opnar fylkesordførar Åshild Kjelsnes Nishammartunnelen i Dale.

(11.06.2013) Les meir

Sveisar og målar brua

- Entreprenør HSM vil halde på gjennom sommaren med å sveise saman seksjonane og måle ferdig berekablar og stålkassane på Dalsfjordbrua, seier byggjeleiar stål, Harald A. Holmefjord.

(10.06.2013) Les meir

Film om brubygginga

Fjaler Film har lagt ut ein film som viser monteringa av stålkassane på Dalsfjordbrua, frå 1. til 6. mai. Flotte greier! Sjekk her:

(29.05.2013) Les meir

Ser endeleg ut som ei bru

Søndag 5. mai vart den siste av dei 11 stålkassane som utgjer køyrebana på Dalsfjordbrua heisa på plass. No ser Dalsfjordbrua verkeleg ut som ei bru.

(06.05.2013) Les meir

Får kongen klippe snora?

Dalsfjordsambandet skal opnast i desember i år, truleg ein gong mellom 7. og 21. desember. Fylkeskommunen håper no på kongeleg opning, og fylkesordførar Åshild Kjelsnes har derfor sendt invitasjon til Kongehuset - med ønske om at ein representant frå Kongehuset opnar Dalsfjordbrua.

(06.05.2013) Les meir

Brua tek form

Hengestengene er på plass. Kommande veke vil også sjølve køyrebana bli montert.

(26.04.2013) Les meir

Storstilt opningsfest

Festkomiteen søkjer om 810 000 kroner til ein heidundrande fest når Dalsfjordsambandet står klart seinare i år.

(21.03.2013) Les meir

Ordførarane skåla på brua

Fredag gjekk ordførarane Frida Melvær og Arve Helle for første gong over Dalsfjordbrua. Dei gjekk frå kvar si side og møttest midt på catwalken.

(04.03.2013) Les meir

Sjå brukablane bli heisa på land

Hovudkablane til Dalsfjordbrua vart levert i Askvoll like før jul. Ein 60 meter lang flytekran måtte til for å få kabeltromlane frå det italienske frakteskipet trygt i land.

(08.01.2013) Les meir

Fekk pris for brubilete

Årets fotopris frå Sogn og Fjordane journalistlag gjekk til Firda-fotograf Bent Are Iversen for dokumentasjonen av arbeidet med den nye Dalsfjordbrua.

(05.11.2012) Les meir

Fantastiske bilete

Fotograf David Zadig har teke utruleg fine bilete frå bygginga av Dalsfjordsambandet. Du kan sjå nokre av dei på heimesida hans, under «projects»: Dalsfjordsambandet – Those Who Build Bridges.

(05.10.2012) Les meir

Brutårna ferdige

Onsdag 26. september vart det aller siste betongelementet på toppen av brutårnet på Dalsfjordbrua heist på plass – også med norsk flagg.

(26.09.2012) Les meir

Må investere i tunnel-beredskap

Fjaler brannvesen får ansvaret for beredskapen på alle dei nye tunnelane på det nye Dalsfjordsambandet, også på nordsida av fjorden.

(30.08.2012) Les meir

- Sprekk ikkje økonomisk

- Fleire har spådd at Dalsfjordsambandet vil gå på ein kostnadssmell, men avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, seier at dei er rikeleg innanfor prognosane, melder NRK Sogn og Fjordane.

(23.08.2012) Les meir

- Trygg nok veg

I ei større sak på Vestlandsrevyen tysdag 21. august, uttaler både aksjonistar, ferjemannskap og Statens vegvesen seg om rasfaren på Dalsfjordsambandet. Nils Magne Slinde meiner det er relativt liten aktivitet i fjellet.

(21.08.2012) Les meir

Mykje merksemd kring rasfaren

Både tv, radio og aviser har den siste tida laga saker på rasfaren ved Dalsfjordsambandet.

(21.08.2012) Les meir

STORT OPPMØTE PÅ TILBODSSYNFARING !

Sjå meir her:

(07.03.2011) Les meir

LINKAR

Som de sikkert har lagt merke til har det vore dårleg med nyhende på denne sida sidan vi starta bygginga av Dalsfjordsambandet. Dette vil no rette seg framover, men vi vil vise til origosidene til Rivedal og Fjaler. Her er det ivrige redaktørar som som fylgjer saka tett.

(02.02.2011) Les meir

Bok og film

Aksjonskomiteen jobbar i desse dagar med finansiering av både eit bok- og filmprosjekt. Vi har allereie folk i arbeid på desse prosjekta som fylgjer byggeprosessen frå dag til dag.

(02.02.2011) Les meir

Dalsfjordbrua lagt ut på anbod

Tunnel- og vegarbeidet går for fullt på begge sider av fjorden, og no er også anbodet på brua lagt ut med opning i midten av mars. Det betyr at i løpet av våren kan ein byrje å sjå brutårna reise seg.

(02.02.2011) Les meir

Seminar og brufest i Askvoll

Fredag 19.11.2010 blir det seminar og fest i Askvoll. Meld deg på snarast. Det er snart fullt.

(11.11.2010) Les meir

Kåseri med Rolf og Rolf

Fredag 12.11.2010 klokka 22:00: Rolf K og Rolf L skal halde kåseri på Kroa i Dale senter. Høyr om vegen fram til Dalsfjordbrua. Møt opp!

(11.11.2010) Les meir

Endeleg er arbeidet i gong

Den fyrste salva gjekk i lufta i dag klokka 14.00. Det markerer at nyoppstarten av Dalsfjordsambandet endeleg er i gang.

(06.10.2010) Les meir

FØRSTE SALVA GÅR KOMANDE ONSDAG

Truleg går første salva på Dalsfjordsambandet komande onsdag på Eikenes. Nøyaktig tidspunkt vert å komme attende til, så følg med, følg med.

(04.10.2010) Les meir

FØRSTE SALVA GÅR KL 14.00 KOMANDE ONSDAG 6. OKTOBER PÅ EIKENES

Kjekt om du har høve til å møte på Eikenes for å få med deg den historiske hendinga: FØRSTE SALVE. h

(04.10.2010) Les meir

NCC er vel mottekne

I dag har ordførar Arve Helle og aksjonsleiar Rolf Kleiven overrekt blomar og spandert kake på hovudentreprenøren acv veg- og tunnelarbeidet på Dalsfjordsambandet.

(04.10.2010) Les meir

Endeleg er alt klart

Kontrakten er skriven. Arbeidet kan starte.

(08.09.2010) Les meir

Prislapp: Kun 342 millionar!

I dag vart anbodet på fyrste del av Dalsfjordsambandet offentleggjort. NCC hadde det billigaste anbodet, og 342 millionar kroner er billigare enn det som var venta.

(07.09.2010) Les meir

STOR AKTIVITET I DALSFJORDEN

Aksjon Dalsfjordbrua har gode dagar, det er nesten slik at ein misser arbeidslysta og berre nyt dei smilande andleta i regionen.

(31.08.2010) Les meir

Arbeidet med brua har starta

Arbeidet med Dalsfjordsambandet har allereie starta. Sjå kven som er i gang.

(04.08.2010) Les meir

VIKTIGE MILEPÆLAR

Viser til førre sak og lenkje til anbodsutlysing.

(26.05.2010) Les meir

Anbodet er publisert

Nok ein brustein er lagt ned; anbodet er klart.

(25.05.2010) Les meir

Oppsummering av møte med prosjektleiar Einar K. Hovland

Referansegruppa hadde fredag 16. april eit to timar langt møte med prosjektleiar for Dalsfjordsambandet Einar K. Hovland.

(17.04.2010) Les meir

OPTIMISTISK PROSJEKTLEIAR

Gladsak i dagens Firda.

(13.04.2010) Les meir

Nytt møte

Møte i referansegruppa komande fredag 16. april.

(13.04.2010) Les meir

Tid for anbod

Les om det positive vedtaket i fylkestinget.

(07.04.2010) Les meir

Dalsfjordsambandet på anbod i starten av mai

Anbodet på Dalsfjordsambandet vert truleg lagt ut i starten av mai med byggjestart i haust.

(18.03.2010) Les meir

Gratulerer!

Dalsfjordsambandet har fått rassikringsmidlar.

(18.03.2010) Les meir

Byggestart nærmar seg

Siste nytt om brua.

(17.03.2010) Les meir

Fylkestinget vedtok å byggje Dalsfjorbrua

Vedtaket vart gjort med heile 35 mot fire røyster. Og det var stor glede blant dei frammøtte dalsfjordingane.

(09.12.2009) Les meir

Dalsfjorden helsar fylkestinget

På laurdag mobiliserte nok ein gong folket i Dalsfjorden for bru og framtidstru.

(07.12.2009) Les meir

"Dalsfjorden" - Her er teksten.

Mange likte songen "Dalsfjorden" og koret Brukarkoret som song under folkemønstringa i Dale i dag. Her fin de teksten.

(05.12.2009) Les meir

Vi er klare for bru!

Vel 200 menneske møtte opp i Dale for å gle seg over at bru no kjem. I tillegg fekk dei vere med på eit historisk bilete.

(05.12.2009) Les meir

Laurdag 5. desember kl 13.00 vert DU med.

Fylkestinget skal på møtet sitt 8. og 9. desember 2009 gjere det endelege vedtaket om vegplanane for 2010, mellom dei Dalsfjordsambandet. For å markere dette har vi planlagt ein gledesaksjon laurdag 5. desember i Dale.. Vi inviterer folk frå næringsliv, politikk og kultur og "vanlege" folk ( vener av brua ) - unge, vaksne og gamle - til å møtast, få litt informasjon, litt underhaldning-og stå fram for pressa med ein klar og tydeleg bodskap:

(28.11.2009) Les meir

Nok eit supervedtak for HAFS

Fylkesutvalet stadfesta i dag vedtaket frå samferdsleutvalet.

(25.11.2009) Les meir

Superdag for HAFS

Samferdsleutvalet heldt lovnadene sine. Gratulerer med dagen, HAFS!

(24.11.2009) Les meir

VI ER KLARE TIL BYGGING

Heile Hafs har store forventningar til fylkestinget si endeleg avgjerd om Dalsfjordsambandet.

(04.11.2009) Les meir

Optimismen rår



(27.10.2009) Les meir

Fylkesvegar (frå 2010) og statsbudsjettet

Mange har undra seg over at Bremanger 2 og Dalsfjordbrua ikkje var nemnde i det framlagde statsbudsjettet i går. Det er med dette viktig å poengtere at desse sambanda fekk sin midlar i kommuneproposisjonen framlagt 15. mai.

(14.10.2009) Les meir

Fylket prioriterer Nishammaren

Nishammaren, som ein del av Dalsfjordsambandet, står øvst på Fylkesutvalet si liste over prioriterte rassikringstiltak.

(07.10.2009) Les meir

Flott oppslag med prosjektleiaren i Firda

I eit intervju i tysdagsutgåva av Firda kunne prosjektleiaren, Einar Kåre Hovland, fortelje at alt går etter planen. Det betyr oppstart i 2010.

(07.10.2009) Les meir

Aksjon Dalsfjordbrua møter Kystvegen

Onsdag 23. september var 4 viktige representantar for Kystvegen på synfaring langs kystvegen frå Sløvåg til Førdefjorden.

(27.09.2009) Les meir

Kystvegen og presentasjon i Vestlandsrådet

Interimstyret for Kystvegen Ålesund-Bergen har gjeve ut vedlagde pressemelding etter at dei presenterte Kystvegen Ålesund-Bergen i Vestlandsrådet torsdag 17. september.

(27.09.2009) Les meir

Valet 09: Brua er i boks!

Etter valresultatet, og med dei forsikringar som er gitt av fylkespolitikarane i alle parti bortsett frå Frp om å stå fast på prioriteringa på fylkestinget i desember, tek vi sjansen på å seie det høgt: Det er klar bane for Dalsfjordsambandet!

(15.09.2009) Les meir

Dalsfjorsambandet 46 millionar billegare.

I kvalitetssikringa som staten no har føreteke kjem vi ut med at prosjektet vårt er gått ned i pris, heile 46 millionar kroner.

(03.09.2009) Les meir

Aksjon Dalsfjordbrua på Vestlandskonferansen.

Underteikna og Johnny Søreide deltok tysdag 1. september på Vestlandskonferansen i Bergen.

(03.09.2009) Les meir

AD på ny vegkonferanse

Aksjon Dalsfjordbrua deltek på Vestlandskonferansen tysdag 1. september.

(24.08.2009) Les meir

Kystvegen på plass

Full semje om Kystvegen langs Gullkysten - og brua er ein viktig del.

(22.08.2009) Les meir

Pratar til Liv Signe & co

Aksjon Dalsfjordbrua held innlegg på Kystvegkonferanse i Vanylven.

(16.08.2009) Les meir

Sluttprosjekteringa i full gang

Det er med glede og store forventningar vi observerer planleggarar i fargesprakande klede både på nordsida og sørsida av Dalsfjorden.

(16.08.2009) Les meir

Møte i referansegruppa 29.06.09

Offensivt vegkontor.

(30.06.2009) Les meir

Full semje om bru

Hovudvalet for samfersle stør fylkesrådmannen si innstilling samrøystes. Dermed går det mot oppstart i januar.

(25.06.2009) Les meir

Fylkesrådmannen vil byggje bru

Positiv innstilling frå fylkesrådmannen.

(05.06.2009) Les meir

Viktig møte

Møte Vegkontoret og referansegruppa mandag 29. juni

(05.06.2009) Les meir

Bruk komiteen@dalsfjordbrua.no

Som de ser på nettsida vår kan de klikke inn på adressa komiteen@dalsfjordbrua.no for å gje oss i Aksjon Dalsfjordbrua tips eller anna.

(05.06.2009) Les meir

Samferdsleministeren lovar pengar til Dalsfjordbrua

Samferdsleministeren følgjer opp startløyvingane frå 2009 og lovar 100 millionar kroner til Dalsfjordbrua og Bremanger 2-sambandet i 2010.

(15.05.2009) Les meir

KOMMUNEPROPOSISJONEN VERT LAGT FRAM FREDAG 15. MAI

Som kjent vert det nyordning frå 2010 med overføring av bl.a. øvrige riksvegar til fylka. Det betyr statlege overføringar til fylka for å ta seg av denne oppgåva, og dei konkrete løyvingane vert lagt fram fredag 15. mai i ein kommuneproposisjon. Aksjon Dalsfjordbrua ser fram til denne datoen med store forventningar.

(06.05.2009) Les meir

PROSJEKTERINGA AV DALSFJORDSAMBANDET I RUTE

Det er med glede Aksjon Dalsfjordbrua registrerer prosjekteringsarbeidet av Dalsfjordsambandet under leiing av prosjektleiar Einar K: Hovland.

(06.05.2009) Les meir

Dalsfjorsambandet og NTP

Viktig utsegn som kan opne for brufinansiering.

(13.04.2009) Les meir

Dalsfjordsambandet og Kystvegen Ålesund-Bergen

Det er med stor glede ein ser semja blant alle 15 ordførarane frå Ålesund til Bergen om statsinga på Kystvegen i vedlagde fråsegn. Samstundes ser vi her at Dalsfjordsambandet er framheva som ein sers viktig del av Kystvegen.

(13.04.2009) Les meir

Ny vegoffensiv frå Liv Signe

Regjeringa og statsråd Liv Signe Navarsete lovar å bruke 10 milliardar på rassikring dei neste 10 åra. Det lovar godt for Dalsfjordsambandet.

(27.02.2009) Les meir

Dobbelt så mykje i ferjeavløysingsmidlar

Regjeringa har endra tidsramma for ferjeavløysingsmidlar frå 15 til 30 år. Det betyr at Dalsfjordsambandet får 300 millionar kroner i staden for 150.

(26.02.2009) Les meir

GLER SEG TIL BRUPROSJEKT I DALSFJORDEN

Nokre dagar er betre enn andre, dagen i går var av ein av desse. På førstesida i avisa Firda står det 2 smilande ingeniørar frå Vegdirektoratet og uttaler: " Vi gler oss til bruprosjekt i Dalsfjorden"

(19.02.2009) Les meir

Veritas i Dalsfjorden tysdag 21.1.09

Vegdirektoratet nyttar Veritas for å kvalitetssikre Dalsfjordsambandet i det ein kallar KS 2 før det skal vidare til endeleg politisk handsaming.

(22.01.2009) Les meir

God Jul og Godt Nyttår

Aksjon Dalsfjordbrua vil med dette få ynskje alle gode bruvener ei retteleg god og fredeleg jul og eit byggande godt år.

(16.12.2008) Les meir

Siste nytt om planlegging/prosjektering av Dalsfjordsambandet.

I dag tysdag 16.12 har det vore møte mellom vegkontoret og den lokale referansegruppa.

(16.12.2008) Les meir

Møte i referansegruppa tysdag 16.desember

Vegkontoret har kalla inn til nytt møte i referansegruppa tysdag 16. desember.

(05.12.2008) Les meir

Nytt møte i referansegruppa

Truleg vert det nytt møte i referansegruppa i månadsskiftet november/desember der vi saman med vegkontoret går gjennom status pr dato og får vidare diskutert framdrifta fram mot byggestart i slutten av 2009.

(17.11.2008) Les meir

KJEMPESTEMNING PÅ BRUFEST

Nok ein gong vart det ein vellukka brufest i Askvoll, denne gong ein kombinasjon mellom informasjonsmøte, julebord og kultur.

(17.11.2008) Les meir

BRUFEST I ASKVOLL LAURDAG 15. NOVEMBER

Laurdag 15. november vert den årlege brufesten arrangert i Askvoll, Askvoll Fjordhotell.

(01.11.2008) Les meir

AKSJON DALSFJORDBRUA PÅ FJALERTREFFET I BERGEN

Fredag 24. oktober representerte Rolf Kleiven Aksjon Dalsfjordbrua på Fjalertreffet i Bergen.

(01.11.2008) Les meir

TRANSPORT- OH KOMMUNIKASJONSKOMITEEN I ASKVOLL OG DALE

I dag, fredag 31. oktober, har transport- og kommunikasjonskomiteen vore i Dalsfjorden. Ein vakrare dag for synfaring og informasjon kan ein vel knapt tenke seg med knallblå himmel og vindstille.

(01.11.2008) Les meir

Aksjon Dalsfjordbrua møter Høgre

Aksjon Dalsfjordbrua informerer på seminar arrangert av Sogn og Fjordane Høgre.

(01.11.2008) Les meir

Sentrale politikarar til Askvoll og Dale

Transport- og kommunikasjonskomiteen kjem til Askvoll og Dale fredag 31. oktober.

(22.10.2008) Les meir

Liv Signe held det ho lovar

I ein artikkel i Firda i går fortalde redaktør Stang at han fryktar bakrus i brukampen. Men no har samferdslemenisteren avslørt at det er innvilga 10 millionar til Dalsfjordprosjektet i 2009.

(09.10.2008) Les meir

Stor stemning på brufest!

Nærare 200 glade sunnfjordingar møtte opp på Transplant for å feire brua i går kveld. Folk frå begge sidar av fjorden var med på å lage ein fest som ein seint vil gløyme.

(08.10.2008) Les meir

Anleggsstart i 2009!

Det er sett av midlar til Dalsfjordsambandet i statsbudsjettet for 2009.

(07.10.2008) Les meir

Brua på TV og i nettaviser

Firda og NRK har laga gode saker om Dalsfjordsambandet i dag. Her har vi samla nokre av dei.

(07.10.2008) Les meir

Brufest på Transplant

Arve Helle og underteikna inviterer til feiring av brua sin plass i statsbudsjettet på Transplant i kveld, 7. oktober, kl 20:00. Alle er velkomne.

(07.10.2008) Les meir

Firdaposten + Dalsfjordbrua = Sant!

Firdaposten på leiarplass og Dalsfjordsambandet i kjærleiksforhold.

(05.09.2008) Les meir

Stoltenberg: " Mange titalls milliardar til samferdsle"

Merkedag for Dalsfjordbrua.

(05.09.2008) Les meir

Næringslivet i Hafs: " Vi gler oss til Dalsfjordbrua !"

I dag har næringslivet i Hafs sett inn ei heilsides vakker annonse i Firda, Firdaposten og Sogn Avis

(04.09.2008) Les meir

Fredar Dalsfjordbrua

Dalsfjordbrua er saman med Bremangersambandet første ledd i kystvegen.For oss i Dalsfjorden er det gledeleg med støtta frå alliansen langs kysten og konkret frå ordførarane i Flora og Vågsøy. Viser til vedlagde reportasje i dagens nettavis av Firda.

(03.09.2008) Les meir

FULL STØTTE FRÅ FIRDA

Det er med glede Aksjon Dalsfjordbrua og folket i HAFS registrerer at Firda sin leiar mandag 18. september skriv FOR Dalsfjordsambandet og manar til samhald. Her er leiaren som stod på trykk i Firda.

(19.08.2008) Les meir

Viktig møte i Oslo

Møte med statsekretær Hege Solbakken m. fl. i samferdsledepartementet tysdag 5. august.

(18.08.2008) Les meir

Liv Signe kjem

Liv Signe kjem til kystvegkonferansen i Florø 10. oktober.

(18.08.2008) Les meir

Viktige vegpolitikarar til Askvoll og Fjaler

Stortinget sin transport- og kommunikasjonskomite ( tidlegare samferdslekomite) til Dale og Askvoll 31. oktober.

(18.08.2008) Les meir

Aksjon Dalsfjordbrua på nett att

Som brukar av nettsida vår har du sikkert irritert deg over manglande oppdateringar i sommar. Dette heng ikkje saman med at aksjonskomiteen ikkje er i arbeid, men at leiaren i komiteen meiner at datamakiner burde vere lukka og innelåste i slikt sommarver.

(16.08.2008) Les meir

Full semje i samferdsleutvalet

Full semje om prioritering av Dalsfjordbrua i samferdsleutvalet.

(26.05.2008) Les meir

FINANSIERING AV DALSFJORDBRUA

Alle vedtak vedrørande bygging av Dalsfjordbrua er på plass.

(20.05.2008) Les meir

Firdaposten + Dalsfjordbrua = Sant!

Firdaposten på leiarplass og Dalsfjordsambandet i kjærleiksforhold.

(09.05.2008) Les meir

Stoltenberg:

Gladnyheit om Dalsfjordbrua.

(09.05.2008) Les meir

Ny milepæl nådd

Reguleringsplanane for Dalsfjordbrua er i boks.

(24.04.2008) Les meir

Jens Stoltenberg:

Gladnyheit for Dalsfjordbrua.

(09.04.2008) Les meir

Firdaposten + Dalsfjordbrua = Sant!

Firdaposten på leiarplass og Dalsfjordsambandet i kjærleiksforhold.

(09.04.2008) Les meir

Full støtte frå Firdaposten

Firdaposten på leiarplass og Dalsfjordsambandet i kjærleiksforhold.

(09.04.2008) Les meir

Møte i referansegruppa

Det vert møte fredag 28. mars kl 10.00 i Dale.

(28.03.2008) Les meir

Liv Signe: - Byggestart for brua er 2009

- Ingen ting er endra. Byggestart for Dalsfjordbrua er 2009, fastslår samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

(29.02.2008) Les meir

Pressedekkjing av folkemøtet

Både Firdaposten og Firda har skrive om dei nye kostnadstala for brua, men vinklingane deira var ulike.

(16.02.2008) Les meir

Informativt og humørfylt folkemøte

Tysdag kveld inviterte vegkontoret til folkemøte i Dale om nyleg utlagt reguleringsplan over heile sambandet inkludert bru.

(13.02.2008) Les meir

Reguleringsplanen publisert

Du kan no finne Reguleringsplanen Dalsfjordbrua på nett.

(12.02.2008) Les meir

Folkemøte i Dale tysdag 12. februar kl 18.30

Det er i dag endeleg stadfesta at det vert folkemøte arrangert av vegkontoret i Dale tysdag 12. februar kl 18.30 på Fjalerhuset.

(06.02.2008) Les meir

Lesarinnlegg i Firda

Aksjon Dalsfjordbrua hadde fylgjande lesarinnlegg på trykk i Firda nyleg.

(05.02.2008) Les meir

Firdaposten støttar Dalsfjordbrua

Endeleg ser det ut som kyst- og fjordfylket Sogn og Fjordane har ei medieverksemd som på redaksjonell plass støttar Dalsfjordbrua.

(05.02.2008) Les meir

Besøk frå Fosnes kommune 25. og 26. januar

I helga hadde vi besøk av ordførar Bjørg Tingstad og leiaren i brulaget Lorentz Åge Langaas frå Jøa i Fosnes kommune.

(29.01.2008) Les meir

Folkemøte tysdag 12. februar.

Ny dato for folkemøtet i Dale.

(29.01.2008) Les meir

Ny dato for folkemøte

Det tillyste folkemøtet 29. januar er flytta til tysdag 5. februar. Møtet vert i Dale kl 18.30 (tilpassa ferja frå Eikenes)

(18.01.2008) Les meir

Julehelsing

Vi i aksjonskomiteen vil med dette takke for året som er gått og takke alle dei positive kreftene som arbeider for prosjektet vårt.

(21.12.2007) Les meir

Folkemøte

Truleg vert det folkemøte tysdag 29. januar i Dale.

(21.12.2007) Les meir

Slik kan brua sjå ut

Dalsfjorbrua.no publiserer her bilete av tre ulike brutypar. Kva er favoritten din?

(20.12.2007) Les meir

Nytt folkemøte og kontordagar i Fjaler og Askvoll

I samband med planarbeidet arrangerer vegkontoret og kommunane folkemøte i Dale i månadskifte januar/februar.

(17.12.2007) Les meir

Ulike brutypar

Vegkontoret la fram ulike brutypar.

(17.12.2007) Les meir

Husa på Ottersteinen får stå

Resultata frå kjerneboringa er udelt positive.

(09.11.2007) Les meir

Viktig møte i Dale

Positive fylkestingspolitikarar.

(09.11.2007) Les meir

Positiv Liv Signe

Representantar møtte statsråden.

(09.11.2007) Les meir

Bruarkitektar i full sving

Arkitektane er på plass i Dalsfjorden.

(09.11.2007) Les meir

Høg aktivitet

Vegkontoret med stor aktivitet i Dalsfjorden.

(21.10.2007) Les meir

Planarbeidet skrid fram

Det var møte mellom vegkontoret og referansegruppa onsdag 27. september.

(01.10.2007) Les meir

Flott innslag på NRK

Artig og informativt om Dalsfjordbrua.

(23.09.2007) Les meir

Reguleringsplanarbeidet er i gang

Statens vegvesen melder at reguleringsplanarbeidet for Dalsfjordbrua startar opp.

(14.09.2007) Les meir

Dalsfjordbrua og valkampen

Dalsfjordbrua står fast.

(10.09.2007) Les meir

Dalsfjordbrua og NRK-program

Følg med: Laurdag 22. september i beste sendetid kjem det ein halv time om Dalsfjordbrua i serien: "Norske attraksjoner" på NRK 1.

(10.09.2007) Les meir

Nytt møte med vegkontoret og referansegruppa

Planarbeidet med Dalsfjordbrua held fram.

(10.09.2007) Les meir

Nettsida og dårleg samvit

Ja, sommaren har vore god utan datamaskin. Lite nyhende på nettsida vår - bortsett frå ei ny startside.

(10.09.2007) Les meir

Klarsignal for bru

Kommunestyra i Askvoll og Fjaler har no godkjent konsekvensutgreiinga og innstillinga frå vegkontoret.

(27.06.2007) Les meir

Lesarinnlegg i lokalaviser

Aksjon Dalsfjordbrua har saman med ordførar Aud Kari Steinsland i Askvoll kommune og ordførar Arve Helle i Fjaler kommune skrive vedlagde lesarinnlegg til 4 lokalaviser i Sogn og Fjordane. Innlegget stod i Firda på laurdag.

(08.06.2007) Les meir

Neste møte mellom vegkontoret og referansegruppa vert torsdag 7. juni

I oppfølginga av høyringa som no ligg ute vert det nytt møte mellom vegkontoret og referansegruppa torsdag 7 . juni.

(18.05.2007) Les meir

Fantastisk oppmøte på folkemøte i Holmedal

Tysdag 15. mai feira nesten 200 menneske frå HAFS 17. mai på førehand i Holmedal.

(16.05.2007) Les meir

Folkemøte i Holmedal

Tysdag 15. mai kl 18.30 held vegkontoret informasjonsmøte om planarbeidet for Dalsfjordbrua.

(19.04.2007) Les meir

Meir om pressekonferansen

Gladmelding: Offensiv og løysingsorientert vegsjef på pressekonferansen.

(19.04.2007) Les meir

- Brua vert bygd

Tilrådinga frå Statens Vegvesen er klar, og svaret er bru over Dalsfjorden. - Brua vert bygd, slår regionvegsjef Ole Christian Torpp fast.

(16.04.2007) Les meir

Storhending: Pressekonferanse om Dalsfjordsambandet

Statens vegvesen si innstilling er no klar - og på måndag vert det pressekonferanse.

(13.04.2007) Les meir

Ny støtte i avisleiar

Frå før har leiarane i BT og Dagbladet støtta Dalsfjordsambandet mot åtaka frå Aftenposten og VG. No kjem det støtta òg frå Haugesunds Avis.

(03.04.2007) Les meir

På plass blant offisielle vegprosjekt

Endeleg har Statens vegvesen publisert informasjon kring Dalsfjordsambandet på sine eigne nettsider.

(03.04.2007) Les meir

Brua i Dagbladet-leiar

- Ingenting tyder på at samferdsleminister Liv Signe Navarsete har misbrukt makta si i Dalsfjordbru-saka, skriv Dagbladet i leiarartikkelen sin måndag 12. mars.

(12.03.2007) Les meir

By mot land i VG

Ifølgje kjelder i VG har avisa bestemt seg for å setje by opp mot land i samferdslepolitikken. Difor har Dalsfjordbrua vorte ei symbolsak for avisa dei to siste dagane.

(09.03.2007) Les meir

Støtte til brua i spørjetimen

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete avviste i spørjetimen i Stortinget onsdag kritikk frå Per Sandberg (Frp).

(07.03.2007) Les meir

Tilsvar til Aftenposten

På leiarplass forsvarer avisa BT distriktsvenleg tiltak som Dalsfjorbrua

(04.03.2007) Les meir

Full politisk støtte til brua

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete sikrar Dalsfjordbrua.

(02.03.2007) Les meir

Aller siste planleggingsmøte

Den 22.mars er det siste møte i referansegruppa. Her skal dei endelege planane og tala gjerast kjende.

(02.03.2007) Les meir

Brufilm i gåve?

Likte du brufilmen på nettsida vår? No er han til sals på DVD.

(06.02.2007) Les meir

Siste møte i referansegruppa

Referansegruppa møter vegkontoret onsdag 7. februar i Dale.

(06.02.2007) Les meir

Rolf svarer i Firda

På to sider i Firda fekk Rolf Kleiven forklare kvifor ei kabelferje ikkje er eit aktuelt alternativ til Dalsfjordbru. Slik gav han eit klårt tilsvar til oppslaget i Firda på laurdag, som framstilte kabelferje over Dalsfjorden som ein muleg realitet.

(11.01.2007) Les meir

Konsekvensutgreiing snart klar

Konsekvensutgreiinga (KU) av prosjektet vårt nærmar seg slutten.

(10.01.2007) Les meir

Svein Helle til minne.

Det var med stor sorg vi rett før årsskiftet mottok meldinga om at Svein Helle er gått bort. Tankane våre går til familien og spesielt til dei to ungdommane i huset, Svein Erik og Siri, som han var så inderleg glad i.

(10.01.2007) Les meir

Julehelsing

Aksjon Dalsfjordbrua vil med dette ynskje alle brukarar av denne sida ei skikkeleg god jul og endå eit nytt år med god framdrift for framtida vår i HAFS.

(21.12.2006) Les meir

Planprosessen er i rute

Positivt møte med Vegkontoret i dag - 21.12.06

(21.12.2006) Les meir

Kom gjerne med innspel

Aksjon Dalsfjordbrua tek gjerne imot saklege og kreative innspel.

(07.12.2006) Les meir

Møtet med Torpp er flytta

Møtet med vegsjef Torpp er flytta til torsdag 21. desember.

(07.12.2006) Les meir

Informasjonsskriv er sendt ut

Informasjonsskriv med link til nettsida vår er sendt til alle stortingsrepresentantane og fylkestingsmedlemene og nokre sentrale vegbyråkratar

(29.11.2006) Les meir

Felles løft for kysten

Kystkommunane i Sogn og Fjordane har lært av nabofylka: For å få vekst på kysten, lyt ein betre kommunikasjonane på kysten. Dei går difor i lag for å fronte ein kystveg som skal skape positv vekst på kysten. Under les du fråsegna deira:

(20.11.2006) Les meir

Historisk pressemelding frå kysten

Dei ni kystkommunane i Sogn og Fjordane har samla seg om ei felles fråsegn som skal sikre ein kystveg gjennom Sogn og Fjordane.

(17.11.2006) Les meir

Møte med vegsjefen

Representantar frå referansegruppa for Dalsfjordbrua skal møte vegsjef Torpp onsdag 20.12.06.

(16.11.2006) Les meir

Positivt møte

Referansegruppa og Statens vegvesen avvikla sitt 6. planleggingsmøte om Dalsfjordbrua torsdag 09.11.06.

(12.11.2006) Les meir

Møte i referansegruppa

Torsdag 9. november, i Dale, er det nytt møte i referansegruppa for planarbeidet av Dalsfjordbrua saman med Statens vegvesen:

(08.11.2006) Les meir

Liv Signe likte brufilmen

Samferdselsministeren såg filmen - og ho likte det ho såg.

(02.11.2006) Les meir

Vellukka brufest

Laurdag 28. oktober gjekk den årlege brufesten av stabelen. Tonen på festen var optimistisk og stemninga var god - og den nye filmen vart teken godt imot.

(01.11.2006) Les meir

Filmlansering på ny nettstad

Aksjon Dalsfjordbrua presenterer filmen om Dalsfjordbrua.

(27.10.2006) Les meir

Bli med på fotodugnad!

Nettsida til Aksjon Dalsfjordbrua treng bilete til biletarkivet. Har du gode bilete frå brurelaterte samanhengar, så er vi interesserte.

(26.10.2006) Les meir

dalsfjordbrua.no på nett

Målet for oss "heimesidesnekrarane" var å ha sida klar før brufesten laurdag 28. oktober, og det har vi klart. Men vi kjem ikkje til å leggje ned alt arbeidet heilt enno.

(25.10.2006) Les meir

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
433092