hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Positivt møte

Referansegruppa og Statens vegvesen avvikla sitt 6. planleggingsmøte om Dalsfjordbrua torsdag 09.11.06.
Publisert 12.11.2006 av

Møtet vart som alltid avvikla i ein fin tone med hovudvekt på status for planarbeidet av dette store byggeprosjektet.

Slik det ser ut no vil KU (konsekvensutgreiinga) verte lagt ut til offentleg høyring i månadskifte januar/februar 2007 og i samband med dette vil det verte arrangert eit nytt folkemøte i regionen.

Planarbeidet held fast på tidsplanen med sikte på oppstart i 2009 som vedteke.
Sist endra 15.11.2006

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406928