hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

TRANSPORT- OH KOMMUNIKASJONSKOMITEEN I ASKVOLL OG DALE

I dag, fredag 31. oktober, har transport- og kommunikasjonskomiteen vore i Dalsfjorden. Ein vakrare dag for synfaring og informasjon kan ein vel knapt tenke seg med knallblå himmel og vindstille.
Publisert 01.11.2008 av Rolf Kleiven

Ordførar Arve Helle, også per dato regionsleiar i HAFS, fekk i løpet god tid til fyldig informasjon om
sambandet vårt og ikkje minst å vise komiteen området frå dekket av ferja og under avsluttande lunsj på Transplant.

Denne lunsjen vart innleia med koret Dekor m/ Leif Arne Skaar som solist i " Bridge over trouble water" til trampeklapp frå komiteen før Alice Hestad Vie frå Stongfjorden heldt ein flott appell frå ungdommen med bodskapen: "Eg vil flytte heim dersom eg får bru". Aksjon Dalsfjordbrua er og nøgde med at komiteen fekk sjå filmen om brua som ligg på nettsida vår. I tillegg til komiteen deltok Vegsjef Olav Ellevset og fylkesordførar Nils R. Sandal og leiar i samferdslekomiteen i Sogn og Fjordane Knut M. Olsen. Desse saman med byråkratar på ulike nivå fekk ei flott oppleving i
Dalsfjorden.

Pressedekninga var og stor, og nettsida vil kome attende til denne.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
425316