hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

KJEMPESTEMNING PÅ BRUFEST

Nok ein gong vart det ein vellukka brufest i Askvoll, denne gong ein kombinasjon mellom informasjonsmøte, julebord og kultur.
Publisert 17.11.2008 av Rolf Kleiven

Første timen med informasjon vart gjennomført av Aksjon Dalsfjordbrua v/ Tor Egil Furevikstrand og Rolf Kleiven som gjennom filmar, fakta og litt småskrøner informerte ei forsamling på over 100 glade mennesker på Askvoll Fjordhotell. Deretter overtok dei to ordførarane i Askvoll og Fjaler, Aud Kari Steinsland og Arve Helle, med stor framtidstru.

Under bordsete leia av Rolf Losnegård var det allsong, diktlesing og urframføring av ny song om Dalsfjordbrua ved Jarl Audun Rivedal som må opplevast som entertainer. Denne songen vonar vi Jarl Audun vill legge ut på heimesida vår, vent i spenning folkens.

Og etterpå var dans.

Tusen takk for oppmøte og entusiasmen hjå festdeltakarane.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406960