hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Siste nytt om planlegging/prosjektering av Dalsfjordsambandet.

I dag tysdag 16.12 har det vore møte mellom vegkontoret og den lokale referansegruppa.
Publisert 16.12.2008 av Rolf Kleiven


Frå vegkontoret møtte Gunnar Søderholm, Dina Lefdal og nytilsett prosjektleiar Einar Hovland. I prosjekteringsfasen framover vil Gunnar Søderholm no gå ut, og Aksjon Dalsfjordbrua vil med dette få takke Gunnar for eit konstruktivt og positivt samarbeid i heile planperioden sidan 2005.. Vi vil ynskje han hjarteleg velkomen tilbake til Dalsfjorden under opninga av sambandet Referansegruppa er fortsatt samansett av Aud Kari Steinsland, Arve Helle, Alfred Vorland, Arne Kyrkjebø og Rolf Kleiven. Desse vil og fortsetje i prosjekteringsfasen.

På møtet la vegkontoret sine folk fram viktige milepælar i prosjekteringa og førebels framdriftsplan for anleggsarbeidet. Vegkontoret held no framover trykk på arbeidet utfrå dei politiske vedtaka som kulminerte i statsbudsjettet med startløyving i 2009 til grunnerverv og prosjektering. Truleg oppstart av anleggsarbeidet vert i starten av 2010 med veg- og tunnelarbeid på Askvoll-sida. Arbeidet vert no leia av Einar Hovland, opphavleg frå Fjaler. Vidare vert det truleg oppnemnt ein fylkeskommunal kontaktperson i prosjekteringsfasen som vert med på møta framover.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
414997