hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

GLER SEG TIL BRUPROSJEKT I DALSFJORDEN

Nokre dagar er betre enn andre, dagen i går var av ein av desse. På førstesida i avisa Firda står det 2 smilande ingeniørar frå Vegdirektoratet og uttaler: " Vi gler oss til bruprosjekt i Dalsfjorden"
Publisert 19.02.2009 av Rolf Kleiven

Firda har eit stort heilsides oppslag i avisa med bilete av ikkje mindre enn 9 planleggarar frå Statens Vegvesen og Vegdirektoratet. Her kjem det fram at dei held no på med prosjektering av Dalsfjordbrua og at dei planlegg anbodet. Ikkje minst er det imponerande når dei brukar ord og uttrykk som spektakulært, brustaden er veleigna for hengebru, og at dei no endeleg ser fram til å få bygt Dalsfjordbrua.

Viktig presisering er at etter den førebelse byggeplanen skal prosjektet starte i byrjinga av 2010 med veg- og tunnelanlegget frå Eikenes til Otterstein før ein byrjar på brua i starten av 2011.

Aksjon Dalsfjordbrua møtte mange smilande personar i går.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
425306