hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Dobbelt så mykje i ferjeavløysingsmidlar

Regjeringa har endra tidsramma for ferjeavløysingsmidlar frå 15 til 30 år. Det betyr at Dalsfjordsambandet får 300 millionar kroner i staden for 150.
Publisert 26.02.2009 av Tor Egil Furevikstrand

- Dette er ei storhending for oss, jublar leiar i Aksjon Dalsfjordbrua, Rolf Kleiven. Han fortel at dei som jobba med prosjektet hadde håpa på ei utviding av ordninga, men at tidsramma vart dobla, var særs gode nyhende.

- Regjeringa skal ha skryt for dette. Og dette er ikkje berre godt nytt for vårt prosjekt, men òg for andre liknande prosjekt. Det er rett og slett eit godt distriktstiltak, seier Kleiven.

Vi kjem tilbake med meir seinare.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406640