hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Dalsfjordsambandet og Kystvegen Ålesund-Bergen

Det er med stor glede ein ser semja blant alle 15 ordførarane frå Ålesund til Bergen om statsinga på Kystvegen i vedlagde fråsegn. Samstundes ser vi her at Dalsfjordsambandet er framheva som ein sers viktig del av Kystvegen.
Publisert 13.04.2009 av Rolf Kleiven

Under fylgjer fråsegna:

Fråsegn frå ordførarmøtet i Måløy, 30.3.2009

Ordførarane i kystregionen mellom Bergen og Ålesund er glade for at NTP 2010 – 2019 signaliserer ei sterk satsing på vegbygging i komande periode. Vi merkar oss også at regjeringa vil ”prioritere vegtilkyting til viktige stamnettshamner og andre knutepunkt” som tiltak for meir effektiv og miljøvenleg transport. Vi er tilfreds med at Mongstad, Florø og Måløy er utpeika til stamnettshamner i tillegg til Bergen og Ålesund. Dette forsterkar behovet for nord-sør vegsamband for å gi effektiv vegtilknyting til hamnene i samsvar med målsetjinga i NTP. Stad skipstunnel vil gjere skipsleia sikrare. Samspelet mellom skipslei, hamner og tilførselsveg til hamnene vil bli eit effektivt, framtidsretta og miljøvennleg transportsystem. Kystregionen mellom Bergen og Ålesund er ein region med stor verdiskaping, dominert av eksportretta industri. Dette er også ein region med svakt utbygd vegnett, noko som er til hinder for utvikling, svekkjer konkurranseevna og bidreg til fråflytting og gjer framtida utrygg for næringsliv og lokalsamfunn.

Kystkommunane ser positivt på at stamvegnettet blir opprusta, men E39 går utanom kystregionen i denne delen av Vestlandet. Kystvegen er ikkje planlagt som stamveg og må difor finansierast over fylkesvegbudsjettet. Føresetnaden for dette er at fylkeskommunane får tilstrekkelege rammer til vegføremål og prioriterer i samsvar med overordna mål i NTP.

Kystkommunane er positive til framlegget om rentekompensasjon for transporttiltak i fylka. Ei ramme på 2 mrd for heile landet, meiner vi vil vere for lite og vil foreslå at dette vert auka monaleg.

1. Vi bed om at Kystvegen Bergen – Ålesund som går gjennom 3 fylke, vert teke inn iNTP som eit viktig samband i ”korridor 4” på lik linje med RV9 og RV13.

2. For at den sterke satsinga som NTP signaliserer, skal gi noko som helst verknad i kystregionen må den fylgjast opp av ei tilsvarande sterk satsing på fylkesvegar i kommuneproposisjonen.

3. I Hordaland er RV 57 opprusta fram til Fensfjorden og fylkesgrensa mot Sogn ogFjordane. Nordhordland Regionråd IKS arbeider med planar om eit nytttverrsamband frå Mongstad over Radøy, Holsenøy og Askøy til Øygarden vest avBergen. Dette vil bli ein "vestre ringveg" forbi Bergen. Eit slikt samband vil høvesærdeles godt med kystvegen vidare gjennom Sogn og Fjordane til Ålesund.

4. I Sogn og Fjordane har vi fylgjande krav til fylkesvegplanen:

Fylkestinget må halde fast på prioriteringa av Bremanger II og Dalsfjordbru som nr 1 og 2, i samsvar med tidlegare vedtak.

Så vil vi be om at fylkeskommunen medverkar til ekstraordinær finansiering av tiltaka innanfor prosjektet ”45 minuttars regionen” som er utgreia av næringsutviklingsselskapa i Flora, Bremanger og Vågsøy.

Vidare må det gjerast eit krafttak på opprusting av RV57 gjennom Gulen, Hyllestad og Fjaler, og 609 gjennom Askvoll. (Jfr forslag om innkorting av vegtraseen gjennom Askvoll)

Det må etablerast ferjefritt samband over Førdefjorden og tilførslevegar på begge sider må opprustast / innkortast. Som ei mellombels løysing kan det vere aktueltmed eit ”lågkostnads” ferjesamband over ytre Førdefjorden som kan vere påplass samstundes som Dalsfjordbrua.

5. I Møre og Romsdal krev vi at fylgjande tiltak vert prioritert:

Ny ferjekai ved Årvik og tunnel Skredestranda – Gursken.

Ny bru over Dragsundet mellom Herøy og Ulstein

Omlegging av vegen forbi Leikong

6. Vidare ynskjer vi at kystvegen Bergen – Ålesund får eit felles vegnr gjennom Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Eit slikt felles vegnr vil syne kor viktig denne vegen er, samstundes som det vil gjere det enklare for trafikkantane å finne fram.

7. Punkta ovanfor er tiltak som kan gjennomførast i løpet av 10 års perioden. Ser vi lenger fram vil det vere naturleg å effektivisere sambandet gjennom ein av dei mestverdiskapande regionar i landet med:

Fastlandssamband frå Hareid – Sula / Ålesund

Ferjefri kryssing av Rovdefjorden

Bru over ytre Nordfjord

Fastlandssamband til Solund som del av ei ferjefri kryssing av Sognefjorden

Kystvegen vil i hovudsak vere ei låglandslinje og fylgjer den traséen som på lang sikt kan gi eit mest mogleg ferjefritt samband. Vi er glade for at fylkeskommunane har støtta tiltaket i sine innspel til NTP og bed om at Storting og fylkesting fylgjer opp sine gode intensjonar med løyvingar i den komande vegplanperioden.

Måløy 30.3.2009

Håkon Matre (s)

Nordhordland regionråd IKS

Trude Brosvik (s)

Gulen kommune

Gunn Åmdal Mongstad (s)

Solund kommune

Tore Bråstad (s)

Hyllestad kommune

Arve Helle (s)

Fjaler kommune

Aud Kari Steinsland (s)

Askvoll kommune

Bente Frøyen Steindal (s)

Flora kommune

Kåre Olav Svarstad (s)

Bremanger kommune

Roger Silden (s)

Vågsøy kommune

Jan Helgøy (s)

Vanylven kommune

Dag Vaagen (s)

Sande kommune

Arnulf Goksøyr (s)

Herøy kommune

Hannelore Måseide (s)

Ulstein kommune

Hans Holstad (s)

Hareid kommune

Bjørn Tømmerdal (s)

Ålesund kommune


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
425289