hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Fylkesrådmannen vil byggje bru

Positiv innstilling frå fylkesrådmannen.
Publisert 05.06.2009 av Rolf Kleiven

Fantastisk oppslag i dag på Sogn og Fjordane fylkeskommune si heimeside (sjå under).
Her legg fylkesrådmannen opp til bygging av Dalsfjordsambandet ved si innstilling. Arbeidsdokumentet frå fylkesrådmannen er eit offensivt dokument som vil føre til oppstart etter dei planane som vart lagt allereie i 2005.

I tilrådinga er det og verdt å legge merke til at fylkesrådmannen viser til at ved å ikkje bygge Dalsfjordsambandet vil Sogn og Fjordane miste statlege rammeoverføringar. Pengane til Dalsfjordsambandet vil dermed ikkje kunne nyttast til andre prosjekt i fylket fordi det er bindingane
til Dalsfjordsambandet som hat utløyst rammeoverføringane.

Les oppslaget frå heimesida til Sogn og Fjordane fylkeskommune.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
414950