hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Historisk pressemelding frå kysten

Dei ni kystkommunane i Sogn og Fjordane har samla seg om ei felles fråsegn som skal sikre ein kystveg gjennom Sogn og Fjordane.
Publisert 17.11.2006 av Rolf Kleiven

 

Den 14. november møttes ordførarane i alle ni kystkommunane i Sogn og Fjordane til møte i Askvoll. Møtet er truleg historisk ved at det skal vere fyrste gongen ordførarane frå alle  kystkommunane møtest. Til stades var også fylkesordførar Nils R Sandal, regionvegsjef Ole Chr Torpp, distriktssjef Olav Hove og sjefsingeniør Dina Lefdal frå vegvesenet.

Kystkommunane vil samarbeide om å få etablert ein kystveg gjennom Sogn og Fjordane. Alle kystkommunar med unntak av Flora opplever ei negativ utvikling i folketal og næringsliv.  Kyststamveg – oljeverksemd og andre tiltak har skapt vekst og optimisme i kystkommunane i dei andre fylka på Vestlandet, men ikkje i Sogn og Fjordane.

Det er no behov for gjennomgripande og rask aksjon skal ein unngå at lokalsamfunn og heile kommunar forvitrar. Ressursane er her. Det som trengst er å bygge strukturar som gjer at  ungdom vil bu her og verksemder kan utvikle seg. Bremanger fastlandssamband og Dalsfjordsambandet er alt lagt inn i NTP og det er full semje om at den prioriteringa ikkje skal endrast, heller styrkast. Desse to prosjekta vil vere viktige lekkar i den framtidige kystvegen.

 

NB! Fråsegna vert offentleggjord på måndag.

 

Sist endra 18.11.2006

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
402570