hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Kystvegen på plass

Full semje om Kystvegen langs Gullkysten - og brua er ein viktig del.
Publisert 22.08.2009 av Rolf Kleiven

Kystvegkonferansen i Vanylven var ei flott oppleving med mange flotte innlegg og med avsluttande debatt der samferdsleminister Liv Signe Navarsete også deltok. Som ein konsekvens av konferansen er no alle kommunane mellom Ålesund og Bergen samde om traseen for Kystvegen og vedlagt følgjer oppropet som desse kommunane har skrive under på. Sjølvsagt var alle glade for at arbeidet med Dalsfjordsambandet skal starte til vinteren. Som kjent er dette sambandet ein viktig del av traseen mellom Ålesund og Bergen.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
398792