hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Aksjon Dalsfjordbrua på Vestlandskonferansen.

Underteikna og Johnny Søreide deltok tysdag 1. september på Vestlandskonferansen i Bergen.
Publisert 03.09.2009 av Rolf Kleiven


Tema i år var samferdsle. I tillegg var Hafs representert med regionsleiar Arve Helle og ordførar Tore Bråstad, Hyllestad kommune. Hovudtema var stamvegane slik at det var lite om øvrige riksvegar som no er fylkeskommunalt ansvar. Vårt prosjekt er spikra og var blant anna nemnt av samferdsleminister Liv Signe Navarsete som heldt eit engasjert innlegg på konferansen.

Ellers vil Aksjon Dalsfjordbrua gje tilbakemelding om ein veldig profesjonelt opplagt konferanse med flott blanding av det faglege og det humoristiske.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
402607