hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Valet 09: Brua er i boks!

Etter valresultatet, og med dei forsikringar som er gitt av fylkespolitikarane i alle parti bortsett frå Frp om å stå fast på prioriteringa på fylkestinget i desember, tek vi sjansen på å seie det høgt: Det er klar bane for Dalsfjordsambandet!
Publisert 15.09.2009 av Rolf Losnegård / Rolf Kleiven


Ja, for slik vi ser det, er det knapt nok promiller av sjansar for at dette no skal gå skeis igjen. Men for all del - Aksjon Dalsfjordbrua har ikkje tenkt å minske årvåkenheit og lette på trykket før prosjektet er fysisk på plass. Vi har jo også engasjert oss for Kystvegen, og det vil vi halde fram med å gjere. Vidare vil det vere avgjerande for utviklinga i HAFS at ein no arbeider samla etter prioriteringslista til HAFS når det gjeld andre internsamband i regionen.

Det er idag stor grunn til takksemd, glede og optimisme for alle som har eit hjarte for HAFS og for kysten. No er det om å gjere å bruke denne optimismen til å gjere ein innsats i det store og i det små for å utvikle samfunn, næringsliv og det gode liv i bygdene våre. Hugs at det som har gjort dette mulig, er grunntanken om å byggje på samhald og kreativitet og aldri snakke negativt om andre sine draumar og prosjekt.

Til lykke med nok ein siger, HAFS!


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
402605