hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Kystvegen og presentasjon i Vestlandsrådet

Interimstyret for Kystvegen Ålesund-Bergen har gjeve ut vedlagde pressemelding etter at dei presenterte Kystvegen Ålesund-Bergen i Vestlandsrådet torsdag 17. september.
Publisert 27.09.2009 av Rolf Kleiven

KYSTVEGEN – NO OGSÅ I VESTLANDSRÅDET

 

Interimstyret for Kystvegen Ålesund – Bergen har i dag møtt Vestlandsrådet for å informere om Kystvegen. Sentralt i denne samanheng var å gje lik informasjon til alle fylka vedrørande dette sentrale og regionale vegprosjektet. Herunder understreke at vegen er eit vesentleg element for å betre rammevilkåra for eksisterande næringsliv samt legge grunnlaget for nyetablering. Vidare for å legge til rette for at folk skal kunne ta del i det sosiale og kulturelle fellesskapet. Ein understreka og behovet for Kystvegen sin verdi med tanke på å nå visjonane i Nasjonal Transportplan (NTP) om å knyte land- og sjøverts trafikk saman.

 

Interimstyret for Kystvegen tek elles sikte på i løpet av hausten å få på plass den endelege organiseringa av Kystvegen slik vedteke i ordførarmøtet i Ulsteinvik den 17. august i år.

 

Frå 2010 vil Kystvegen vere fylkesveg gjennom 3 fylke. Det er difor viktig at fylkeskommunane prioriterer dette prosjektet. Stamvegar i denne regionen går i hovudsak gjennom midtre og indre strok. Kystkommunane framheld såleis at det er rimeleg at fylkeskommunane prioriterer kysten med sine vegmidlar.

 

Dei som møtte Vestlandsrådet var:  Ordførarane Bente Frøyen Steindal i Flora, Arve Helle i Fjaler, og Jan Helgøy i Vanylven. Frå administrasjonen i Flora og Vanylven møtte Eivind Hjellum og Per Brandal.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
394167