hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Felles løft for kysten

Kystkommunane i Sogn og Fjordane har lært av nabofylka: For å få vekst på kysten, lyt ein betre kommunikasjonane på kysten. Dei går difor i lag for å fronte ein kystveg som skal skape positv vekst på kysten. Under les du fråsegna deira:
Publisert 20.11.2006 av Rolf Kleiven

Høyringsfråsegn om utkast til Transportplan frå Vestlandsrådet, november 2006.

Ordførarane i alle kystkommunane i Sogn og Fjordane har i møte i Askvoll den 14. november drøfta utkastet til Transportplan som Vestlandsrådet har sendt på høyring. Kommunane ynskjer å komme med fylgjande felles fråsegn med omsyn til vegdelen i utkastet.  Enkelte av kommunane vil i tillegg komme med eigne fråsegner om andre deler av transportplanen.

 

 

FRÅSEGN 

 

Kystkommunane er fornøgde med at det blir laga ein sams transportplan for dei 4 vestlandsfylka. Kan ein få fram ein plan som alle kan stille seg bak, vil dette vere ein styrke i arbeidet for å fremje Vestlandet sine interesser.  Føresetnaden er sjølvsagt at planen tek rimeleg omsyn til alle fylka og alle regionar i Vestlandsregionen. Det er ein mangel at planen ikkje omtalar behovet for eit gjennomgåande samband i ytre del av Sogn og Fjordane.

Som kjent blei ”Kyststamvegen” for Sogn og Fjordane sin del, vedteke gjennomført ved å omklassifisere tidlegare  RV14 til ”kyststamveg”.  Denne går som kjent gjennom midtre og indre deler av fylket. Dermed blir det ikkje investert i ny veg i Sogn og Fjordane i samband med dette ”krafttaket for Vestlandet” bortsett frå ei viss  opprusting av E39.  E39 ligg så langt frå kysten at den fungerer ikkje som sambindingsveg i denne regionen slik tanken var med ”krafttaket”.

Verknadene av dette vedtaket har vore særdeles negative for Sogn og Fjordane og særleg for kystkommunane. Kyststamvegutgreiinga i 1991 konkluderte med fylgjande verknader for  ”busetnad og arbeidsmarknad” avhengig av kva trasè som blei blei vald:

”Alternativ C2 (ytre trasè)  vil føre til svært positive verknader for kystkommunane med ein tilleggsvekst på 4,6 %. Stagnasjon i folketalsutviklinga blir snudd til positiv vekst. Alle kommunane som C2 går gjennom vil såleis få positive tilleggseffektar.”

Når det gjeld C1 (E39)  konkluderte den same analysen slik:  ”C1 vil totalt føre til 1% tilleggsvekst i folketalet langts traseen. Ut over dette vil alternativet ikkje føre til vesentleg omfordeling i høve til 0-alternativet.”

Som kjent valde Stortinget alternativet C1 mot ei klar tilråding frå fylkestinget i Sogn og Fjordane. I dag kan vi konstatere at kystkommunane har stagnert.  Av alle 9 kommunar frå Gulen til Selje er det berre Flora som har vekst i folketalet. Alle dei andre kommunane har tilbakegang og situasjonen er for enkelte av desse kommunane relativt dramatisk.

Den negative utviklinga vil berre forverre seg med mindre det blir gjort tiltak som er eigna til å snu den. Kystkommunane meiner at det er på høg tid å gripe fatt i alternativet som eit samla fylkesting peika på då dei handsama kyststamvegsaka. Eit stort fleirtal gjekk for ytre trase. Mindretalet som gjekk for indre, presiserte at det, uansett stamvegtrase, ville vere behov for eit vegsamband langs kysten av Sogn og Fjordane. Dette på grunnlag av dei positive verknadene eit slikt tiltak kunne gi.

Kystkommunane vil difor oppmode Vestlandsrådet og Sogn og Fjordane fylkeskommune om å innarbeide ein kystveg i Transportplanen og NTP 2010 – 2019 og arbeide for snarast mogeleg gjennomføring.

 

 

DET ER MODERATE TILTAK SOM SKAL TIL

 

Faktisk er det ikkje så mykje som skal til!  Det er mindre krevjande å byggje kystveg gjennom Sogn og Fjordane enn det er/var i dei andre fylka på Vestlandet! Vi krev ikkje ferjefritt samband over Nordfjord eller Sognefjorden. (sjølv om dette ligg i Kyststamvegen sin visjon). Vi krev heller ikkje stamvegstatus eller stamvegstandard, men alminneleg god riksvegstandard. To av dei mest krevjande delene av sambandet er Dalsfjordsambandet  og ferdigstilling av Bremangersambandet. Disse prosjekta er allereide kome inn i  NTP.  Alle  kystkommunane stiller seg bak prioriteringa av desse prosjekta. Begge prosjekta er prioritert som lokale tiltak og ut frå lokale behov. Når dei i framtida skal inngå i eit ytre samband frå nord til sør i heile fylket, bør prioriteringa stå desto sterkare.
Utanom desse to prosjekta vil det vere behov for opprusting av eksisterande veg, omlegging og innkorting av trasèen enkelte stader og etablering av manglande samband mellom Askvoll og Flora.  Truleg kan ein også finne rimelegare løysingar enn det som låg til grunn i Kyststamvegutgreiinga.
Vi krev ikkje noko som i storleik og kostnad  kan samanliknast med tiltak som for lengst er gjennomførde i dei andre fylka på Vestlandet. (Trekantsamband, Nordhordlandsbru, Krifast, osv). Det vi ynskjer å få inn i planen er særdeles overkommelege tiltak, men tiltak som vil få stor betydning for mange kommunar i Sogn og Fjordane, for fylket totalt og for ein del kommunar i Hordaland og Møre og Romsdal.  Dette er såleis eit tiltak med så stor betydning at det etter vårt syn høyrer til i ein overordna Transportplanen for Vestlandet.


 

INDRE KORRIDOR

 

Vi registrerer at Utkastet til Transportplan tek opp tanken om ein Indre Nord-sør korridor langs RV13.  Vi har forståing for at andre fylke på Vestlandet har behov for å ruste opp denne korridoren. Alle tre fylka nord og sør for oss har bygd kyststamvegen i kystregionen.  Sogn og Fjordane har prioritert motsett og har faktisk ein nord – sør stamveg av høg standard gjennom indre delen av fylket. Den fylgjer E16 frå Voss til Lærdal og deretter over Sogndal til Skei der den fell saman med E39 som er ”kyststamvegen” gjennom Sogn og Fjordane. Denne nord-sør korridoren gjennom indre Sogn var faktisk ein viktig premiss då Stortinget vedtok at stamvegne Bergen – Oslo skulle gå gjennom Lærdal og ikkje Aurland – Hol.  Det var eit viktig moment at Lærdalstunnellen ville vere til nytte for både aust-vest og nord-sør sambandet. Derved ville ein også få nord-sør trafikken inn på ferja mellom Manhiller og Fodnes i staden for den lengre ferjestrekninga Vangsnes – Hella. Dette skulle så gi trafikkgrunnlag for ein god ferjefrekvens med nattferje osv.  Vi har forståing for at Vik kommune ynskje eit sikrare vintersamband, men Vikafjellet blir eit reint lokalsamband og vil ikkje ha noko betydning som ein ”indre nord-sør korridor” gjennom Vestlandet. Dersom dette skal vere målet for Vikafjellsvegen, må ein også oppruste ferjesambandet og vegar på begge sidene av fjorden. Omfanget av slike tiltak vil truleg koste minst like mykje som heilårsveg over fjellet utan at det fører til noko betre framkomst enn det som ein i dag kan tilby over Lærdal - Sogndal.  Vi har ikkje noko ynskje om å hindre at Vik får ein betre vinterveg, men vi må ha lov til å stille spørsmål om prioriteringa. Etter vårt syn er det fleire tiltak i Sogn og Fjordane som er viktigare.

 

 

Kystkommunane i Sogn og Fjordane,

November 2006.

           

Gunn Helgesen

ordførar Selje kommune

 

Roger Silden

ordførar Vågsøy kommune

Kåre Olav Svarstad

ordførar Bremanger kommune

Bente Frøyen Steindal

ordførar Flora kommune

 

Aud Kari Steinsland

ordførar Askvoll kommune

Arve Helle

ordførar Fjaler kommune

Harry Mowatt

ordførar Hyllestad kommune

Gunn Mongstad 

ordførar Solund kommune

Trude Brosvik

ordførar Gulen kommune

Sist endra 21.11.2006

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406598