hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Aksjon Dalsfjordbrua møter Kystvegen

Onsdag 23. september var 4 viktige representantar for Kystvegen på synfaring langs kystvegen frå Sløvåg til Førdefjorden.
Publisert 27.09.2009 av Rolf Kleiven


Dette var Eivind Hjellum samferdslerådgjevar i Flora kommune, Per Brandal, samferdslerådgjevar i Vanylven kommune, Svein Gjelseth, nyvald stortingsrepresentant for AP i Møre og Romsdal og ordførar Jan Helgøy i Vanylven kommune. I tillegg møtte ordførar Aud Kari Steinsland.

I tillegg til å sjå Dalsfjorden, besøke bedrifter m.m. hadde Aksjon Dalsfjordbrua eit timelangt møte med desse representantane på Askvoll Sjøbuer. Her vart utveksla erfaringar, strategiar og gode historiar.

Konklusjon: Eit skikkeleg inspirasjonsmøte med gode naboar nord for oss. Vi ynskjer dei lykke til med å fullføre vegen langs Gullkysten.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
413719