hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Fylkesvegar (frå 2010) og statsbudsjettet

Mange har undra seg over at Bremanger 2 og Dalsfjordbrua ikkje var nemnde i det framlagde statsbudsjettet i går. Det er med dette viktig å poengtere at desse sambanda fekk sin midlar i kommuneproposisjonen framlagt 15. mai.
Publisert 14.10.2009 av Rolf Kleiven

I etterkant av dette har både fylkesrådmann og poltikarar vore klare på at ein kan starte opp begge sambanda i 2010. Prosjekteringsarbeidet er i ferd med å verte sluttført.

I desse dagar går høyringa for NTP ut, og det endelege vedtaket om sambanda vert gjort på fylkestinget i desember. Dette er den formelle saksgangen som gjeld for desse vegsambanda.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
424841