hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Superdag for HAFS

Samferdsleutvalet heldt lovnadene sine. Gratulerer med dagen, HAFS!
Publisert 24.11.2009 av Rolf Kleiven

Aksjon Dalsfjordbrua vil med dette få gratulere alle i samferdsleutvalet , med unntak av FRP, med vedtaka dei har gjort i dag.  

Samferdsleutvalet, med Knut M. Olsen som leiar, byggjer både Bremanger 2 og Dalsfjordsambandet med oppstart i 2010. I tillegg ser det ut til at utvalet med framifrå politisk handverk greier å løyse vegsambandet Olden-Innvik innan rimeleg tid.

For Hafs sin del er også viktige samband som ferjeavløysingsprosjekta Ytre Steinsund, Atløysambandet og riksveg 57 med Svesundbru komme med i utvalet si innstilling. Her vert det arbeidd vidare med modellar for å løyse desse, og det viktige her er den politiske viljen til løyse desse viktige prosjekta.

Lenkje til vedaket vert lagt så snart det føreligg.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
425293