hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Laurdag 5. desember kl 13.00 vert DU med.

Fylkestinget skal på møtet sitt 8. og 9. desember 2009 gjere det endelege vedtaket om vegplanane for 2010, mellom dei Dalsfjordsambandet. For å markere dette har vi planlagt ein gledesaksjon laurdag 5. desember i Dale.. Vi inviterer folk frå næringsliv, politikk og kultur og "vanlege" folk ( vener av brua ) - unge, vaksne og gamle - til å møtast, få litt informasjon, litt underhaldning-og stå fram for pressa med ein klar og tydeleg bodskap:
Publisert 28.11.2009 av Rolf Kleiven

No gler vi oss til klarsignalet !

Vi møtast på ferjekaia I Dale laurdag 5. desember kl 13.00 der det vert gjeve informasjon om siste utvikling i saka ved aksjonskomiteen og ordførarane i Fjaler og Askvoll. I tillegg vil sjølvsagt aksjonskomiteen i god tradisjon lage positive sprell og ikkje minst vert det
offentleggjering av ei ny sak !!??
Det heile vil vere over på ein kort time og etterpå vert det ein kopp kaffi og positiv prat .

Dette er sluttspurten!
Vårt engasjement er viktig!
Du er viktig!

Vi håpar dior at du - og dei du varslar eller tek med deg - vil komme.
Du kan stille i vanleg tøy eller arbeidstøy/yrkestøy, det er opp til deg.

Vel møtt !
Aksjon Dalsfjordbrua
h

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
424860