hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Vi er klare for bru!

Vel 200 menneske møtte opp i Dale for å gle seg over at bru no kjem. I tillegg fekk dei vere med på eit historisk bilete.
Publisert 05.12.2009 av Tor Egil Furevikstrand

Brua er i boks. Vi vagar den påstanden, og nettopp difor er det viktig å syne resten av fylket at HAFS er glade for dette. Vel 200 mennekse møtte difor opp. Rolf Kleiven og Arve Helle heldt appellar, medan Rolf Losnegård losa folket gjennom programmet. 

Aksjonen vår har laga mange aksjonar og mange produkt, og dagen i dag var ikkje noko unnatak. I dag laga dei oppmøtte eit historisk bilete. Folket frå begge sider av fjorden, gamle og unge, møttest på brygga i Dale for å seie med eit bilete at vi er klare. No gler vi oss til brua!

Helge Johnsen frå Firda var til stades. Gle dykk til eit stort, flott bilete i måndagsutgåva. 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
413689