hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

"Dalsfjorden" - Her er teksten.

Mange likte songen "Dalsfjorden" og koret Brukarkoret som song under folkemønstringa i Dale i dag. Her fin de teksten.
Publisert 05.12.2009 av Tor Egil Furevikstrand

DALSFJORDEN 

 

Tekst og melodi:     Sigvard Sørebø Skaar

 

Eg sit ofte her og drøymer, attmed fjorden min

- takkar titt Vårherre, som gjorde fjorden fin  

Eg eig ein flik av deg, Dalsfjord, lang og lun

./.Vikjer, skjer og holmar;  Dalsfjordfjell og Dalsfjordtun./.

 

Dalsfjord; du er vakker, kvar ein solskinsdag

Ein Herrens oase, langt unna storbyjag

Kringsett av grøne lier; du speglar himmel blå

Og nærare ein himmel er det vanskeleg å nå

 

Eg har sett deg rasande; gå jagande og stri

Du kastar deg mot land og fjell, i drivkvitt raseri

Men julinatta ligg du klår, varm og mørkeblå

Ung og blyg og lengtande, med sommarkjole på

 

Frå ferskvatn i Gaula til Bulandet og salt

Du ber i deg heilskapen, fjord; du femner alt

Ved Ottersteinen er det blåkval og havets sølv

Det har eg etter Daniel, han hadde sett det sjølv

 

Bestefar min rodde fjorden for å fri

Han sa at nordsidejenter er lette å bli glad i 

Han var slett ikkje åleine, slik ein friardreng

Båtar kryssa Dalsfjorden med friarfolk i fleng

 

Eg sit ofte her og drøymer, attmed fjorden min

- takkar titt Vårherre, han gjorde vatn om til vin  

Eg eig ein flik av deg, Dalsfjord lang og lun

Vikjer, skjer og holmar;  Dalsfjordfjell og Dalsfjordtun

 

Tillegg - Til Skandalemarsjen 2000:

 

Du fjord som eingong samla, du skil gamle brør

Du held oss frå kvarandre, og broderskapet blør

Før batt du oss saman, folk frå nord og sør

Og vi treng kvarandre kanskje meire no enn før

 

Det du Vårherre gløymde i ditt meisterverk;

var å ferdigstille fjorden før du fòr heim til Hermansverk

Lat oss leve her vi ynskjer, det er vår bøn  i dag 

./.vi treng ei bru så folk kan bu ved Dalsfjorden i lag./.

 

Brukarkoret:

Sigbjørn Skogly – Bendik Vik – Normann Vik – Leif Arne Skaar – Andreas  Ramstad – Jørgen Alisøy – Jarle Nedrebø – Ove Losnegård – Sigvard Sørebø Skaar


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
413695