hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Byggestart nærmar seg

Siste nytt om brua.
Publisert 17.03.2010 av Rolf Kleiven

Aksjonskomiteen tok seg ein pause etter fylkestinget i desember etter dagleg kamp i 12 år.  Men, vi lever i beste velgåande og her kjem litt nyhende om prosjektet:

 

1.       Bremangersambandet har vore ut på anbod sidan januar og skal opnast i desse dagar. Etter kvalitetssikring av dette vert prosjektet vårt lagt ut på anbod, vonleg etter påske.

2.       Vegvesenet har i vinter vore på mange møte her lokalt i samband med detaljplanlegging, møte med grunneigarar m.m.

3.       Viser til vedlagde link om utlysing av stillingar som i dag 15.03. er lyst av Statens vegvesen:

http://vegvesen.easycruit.com/vacancy/391154/8187?iso=no


4.       I desse dagar ventar ein svar på tildeling av rassikringsmidlar for delen mellom Dale og Sætenes. Dette skulle vere veldig relevant etter alle rasa dei siste vekene.

5.       Viser til intervju med prosjektleiar Einar Hovland som stod i bygdeavisa 6963 i førre veke

 

Rolf


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
414965