hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Oppsummering av møte med prosjektleiar Einar K. Hovland

Referansegruppa hadde fredag 16. april eit to timar langt møte med prosjektleiar for Dalsfjordsambandet Einar K. Hovland.
Publisert 17.04.2010 av Rolf Kleiven

Einar konkretiserte her framdriftsplanen i byggearbeidet med følgjande viktige milepælar:

 

Anbodet på tunnel og veg på begge sider av fjorden vert lagt ut 14. mai. Frist 5.juli (evt 2. august-avhengig av ferieavvikling). Vonleg vert det då rigging i september og byggestart på begge sider i oktober. Det er vel ikkje unaturleg at Aksjon Dalsfjordbrua på kreativ måte vil markere datoen for byggestart.

Vidare vert anbodet på brua (betong og stål) lagt ut i haust med byggestart på brutårnet på Dale-sida i januar 2011. Planen er at rassikringsprosjektet med tunnel frå Dale til Sætenes skal vere ferdig i løpet av 2012 og endeleg sluttføring av heile Dalsfjordsambandet i slutten av 2013.

 

Einar gjekk vidare inn på ein del bygningsmessige detaljar som gjorde at vi amatørane angra på at vi ikkje tok ingeniørutdanning. Og når Einar kunne fortelje at ordførar Aud Kari Steinsland og ordførar Arve Helle er dei første som skal gå mellom tårna på ei vinglete gangbru breidde panikken seg hjå ordførarane.

 

Aksjon Dalsfjordbrua reknar med etter erfaring frå Bremangersambandet vert det stor konkurranse om Dalsfjordsambandet også. Sambandet har ein samla kostnad på ca 1 milliard kroner inkludert rassikring på Dale-sida. Av dette fordeler kostnaden seg med 50-50 på veg/tunnel og bru.

 

Rolf


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
413712