hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

STOR AKTIVITET I DALSFJORDEN

Aksjon Dalsfjordbrua har gode dagar, det er nesten slik at ein misser arbeidslysta og berre nyt dei smilande andleta i regionen.
Publisert 31.08.2010 av Rolf Kleiven

Vegkontoret har etablert seg i Dale med kontor på Firda Billag.

NCC ser ut til å få anbodet på veg- og tunnelarbeidet utfrå lågaste pris, det endelege tilslaget er venta komande måndag. Slik vi forstår det er selskapet klar til oppstart av anlegget umiddelbart. Aksjon Dalsfjordbrua vonar at mange lokale underleverandørar får vere med på prosjektet.

Anbodet på sjølve brua vert truleg lagt ut i løpet av september.

Firda har hatt fleire flotte oppslag om heimflytta dalsfjordingar som skal vere med på bygginga. I tillegg er det stadig vekk fleire ungdommar som legg vekt på kva Dalsfjordbrua betyr for dei i framtidsutsikter.  Og det var vel nokon kvar som lurte på den positive leiaren i Firda førre veke. Vi i aksjonskomiteen ynskjer redaktør Stang velkommen i laget, også for framtidig utvikling i HAFS.

Aksjon Dalsfjordbrua har teke initiativ til ein kombinasjon mellom Framtidsseminar/Oppstartfest. Dette er eit samarbeid mellom næringsliv, kommunar og aksjonskomiteen og vert truleg avvikla fredag 19. november i Askvoll. Dette vert sjølvsagt ope for ålmenta, og vi kjem attende med meir informasjon. Sett av denne fredagen til fagleg påfyll og ikkje minst ein heidundrande brufest !

 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
433126