hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Mykje merksemd kring rasfaren

Både tv, radio og aviser har den siste tida laga saker på rasfaren ved Dalsfjordsambandet.
Publisert 21.08.2012 av Tor Egil Furevikstrand

I slutten av juli uttalte geolog Einar Alsaker til NRK Sogn og Fjordane at det burde byggjast ein om lag to kilometer lang tunnel i området aust for Eikenestunnelen. Han meiner det elles er fare for Kjøsnesfjord-tilstandar med rasfare, farlege situasjonar og stengde vegar.

Laurdag 19. august gjekk det eit steinras innanfor bommen på Eikenes, noko som førte til fleire medieoppslag:

Geolog Svein Helge Frækaland i Statens vegvesen seier til NRK Sogn og Fjordane at han ideelt sett er einig med Alsaker om at det burde vere tunnel på strekninga.

- Det er eit faktum at heile Dalsfjordområdet er ei forkastningssone, det er oppsprukke fjell, og det er ei 600 meter høg, bratt fjellside. Eg trur ikkje nokon kan gje garanti for at det ikkje vil gå ras. Men vi har likevel vurdert det som forsvarleg å ha veg i dag på strekninga, sa Frækaland.

Også lokalavisa Firda omtalte raset. Dei snakka med rivedølingen Petter Jonny Rivedal, som meiner det burde ha vore tunnel heilt frå Eikenes og fram til brua på Otterstein.

- Ein må vere blind om ein ikkje ser at området er rasfarleg. Vegvesenet burde lært av feila i Kjøsnesfjorden. Kor mange milliardar skal dei bruke på å prøve og feile, spør Rivedal.

Tysdag kveld fortel NRK at Statens vegvesen mellombels stoppar delar av tilførslevegen på nordsida av Dalsfjordsambandet, etter uromeldingar frå entreprenørar.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406951