hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

- Sprekk ikkje økonomisk

- Fleire har spådd at Dalsfjordsambandet vil gå på ein kostnadssmell, men avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, seier at dei er rikeleg innanfor prognosane, melder NRK Sogn og Fjordane.
Publisert 23.08.2012 av Tor Egil Furevikstrand

Store steinras og ein samanrasa tunnel har gjort til at ein anleggsleiar
på Dalsfjordsambandet fryktar for at liv kan gå tapt. Fleire har også
spådd at sambandet til ein milliard kroner vil gå på ein kostnadssmell,
melder NRK Sogn og Fjordane.

Men avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, seier
prognosane så langt ikkje tyder på at budsjettet vil sprekke.
– I slike prosjekt set vi alltid av ein del pengar til ikkje føresette
ting som dukkar opp, for det skjer alltid. Så langt er vi rikeleg
innanfor, seier Slinde til NRK.no.

 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
413696