hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Må investere i tunnel-beredskap

Fjaler brannvesen får ansvaret for beredskapen på alle dei nye tunnelane på det nye Dalsfjordsambandet, også på nordsida av fjorden.
Publisert 30.08.2012 av Tor Egil Furevikstrand

Det skriv firda.no 

Årsaka er at respons- og utrykkingstida er kortare frå Dale enn Askvoll.

Statens vegvesen planlegg ventilasjon og styringsposisjonar for vifter med angrepsveg frå Dale i tilfelle brann/ulykke i tunnelane.

Det betyr betydelege investeringar for brannvernet i Dale, og på eit møte nyleg signaliserte Statens vegvesen at dei er innstilt på å koste nødvendig utstyr, opplæring og beredskap med tanke på innsats i tunnelane. Dette vart berekna til å koste mellom ein og to millionar kroner.

No har Fjaler brannvesen laga ei prioritert liste over utstyr og tiltak som ligg langt høgare. Kommunen søkjer vegvesenet om eit tilskot på 3.550.000 kroner for å ha tilfredsstillande beredskap i tunnelane, fortel firda.no.

Den største summen er ny førsteinnsatsbil tilrettelagt med røykdykkarutstyr, skumsløkkar og frigjeringsutstyr til 1,3 millionar.

Sidan tida til opning er knapp, meiner vegvesenet det hastar med å komme i gang med innkjøpa, og har på forskot gitt løyve til innkjøp som ikkje overstig ein million kroner.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
398782