hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Storstilt opningsfest

Festkomiteen søkjer om 810 000 kroner til ein heidundrande fest når Dalsfjordsambandet står klart seinare i år.
Publisert 21.03.2013 av Tor Egil Furevikstrand



- Hadde du venta noko anna, enn at vi skulle slå på stortromma, når vi endeleg får brua på plass? seier Rolf Losnegård i festkomiteen.

Dalsfjordingane planlegg med andre ord ein storslått folkefest til opninga.

– Det er stor vilje til å feste, på begge sider av fjorden, seier Ingeborg Tysnes frå Dale til firda.no.

Ingeborg har ansvaret for den offisielle etterpåfesten etter opninga, og sit dessutan i den forsterka festkomiteen som har sprunge ut frå Holmedal Vel.

Og festviljen er openbert stor. Det er ikkje ofte du høyrer om at nokon søker kommunestyret om 75 000 kroner til ein fest, og så synest kommunestyret det er litt lite, og aukar beløpet til 100 000. Men det var det som skjedde i Fjaler kommunestyre denne veka, fortel firda.no.

Som ein forsmak på feiringa tok lokalavisa med kultursjef Ingeborg Tysnes i Fjaler ut til brufestet, utstyrt med champagne og blomar.

– Det blir ein flott dag. Eg likar champagne. Eg brukar ikkje drikke det på ein onsdag, rett nok, men bru er bru, seier Tysnes.

Du kan lese heile saka her.

Også NRK Sogn og Fjordane omtaler saka.

 

 

 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
392495