hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Planprosessen er i rute

Positivt møte med Vegkontoret i dag - 21.12.06
Publisert 21.12.2006 av Rolf Kleiven

Referansegruppa med Arve Helle, Aud Kari Steinsland, Arne Kyrkjebø og Rolf Kleiven ( Alfred Vorland kunne ikkje møte ) var i dag i Sogn og møtte vegsjef Ole Chr. Torpp, Signe Eikenes og Olav Terje Hove.

Tema for møtet var utveksling av informasjon og stoda så langt i planprosessen. Vidare hadde ein oppe utfordringar framover i ein god dialog med Torpp og dei andre frå Vegkontoret. Som kjent går no konsekvensutgreiinga inn i sluttfasen og reguleringsplanarbeidet skal starte i mars. Konklusjonen er at planprosessen er i rute. Dette gjer at ein når dei fristar ein må for dei ulike vedtaka som skal gjerast fram mot byggestart.

Det kan vere interessant å vite at vi utfordra Vegkontoret til å legge ut prosjektet vårt på nettsida si slik at ålmenta for naudsynt informasjon. Vi vil sjølvsagt lage lenke til nemnde side på dalsfjordbrua.no når den er klar.

Avsluningsvis fekk møtedeltakarane m.fl. på Vegkontoret overrekt kvar sin DVD med filmen om Dalsfjordbrua.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406937