hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Får kongen klippe snora?

Dalsfjordsambandet skal opnast i desember i år, truleg ein gong mellom 7. og 21. desember. Fylkeskommunen håper no på kongeleg opning, og fylkesordførar Åshild Kjelsnes har derfor sendt invitasjon til Kongehuset - med ønske om at ein representant frå Kongehuset opnar Dalsfjordbrua.
Publisert 06.05.2013 av Tor Egil Furevikstrand

   – Opninga vil bli ei storhending for samferdsla og folket i distriktet og i heile fylket, skriv Kjelsnes.
   Også fylkesmann Anne Karin Hamre har sendt brev til Det kongelege hoff om bruopninga og ønsket om å få kongeleg besøk.
   – Askvoll kommune er mellom dei kommunane som ikkje har hatt besøk av HH.MM. Kongen og Dronninga, korkje som Kongepar eller Kronprinspar, skriv Hamre, ifølgje firda.no.
   Og dette her må vel vere eit glimrande høve? Ein flott festdag skal det bli i alle fall!

http://www.firda.no/nyhende/article6641523.ece

 

 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
414993