hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Ventinga over i Hardanger

Det er ikkje berre dalsfjordingane som har venta lenge på bru. Også i Hardanger har dei kjempa ein lang kamp, om enn ikkje så lenge som oss. Tanken om bru over Hardangerfjorden vart lansert første gong i 1937, skriv VG Nett i dag.
Publisert 15.08.2013 av Tor Egil Furevikstrand

I 1996 sa Stortinget nei til bruplanane, men ti år etter vart brua einstemmig vedteken i Stortinget. Dei siste åra har arbeidet gått for fullt. Dårleg vêr, mellom anna orkanen «Dagmar» førte til forseinkingar. Derfor vart opninga av Hardangerbrua utsett frå juni til august.

Når brua no opnar på laurdag 17. august, er det altså slutt for ferjesambandet Brimnes-Bruravik, og trafikken mellom Oslo og Bergen over Hardangervidda kan gå ferjefritt.

Hardangerbrua er den lengste hengebrua i Norge. Tårna ragar 202 meter over fjorden, hovudspennet er 1310 meter og seglingshøgda for skip er 55 meter. Brua får eit køyrefelt i kvar retning i tillegg til gang- og sykkelveg, skriv VG Nett.

I motsetnad til på Dalsfjordbrua, må du betale bompengar for å komme deg over brua på Hardangerfjorden. Prisen er 150 kroner for personbil og 600 kroner for store bilar.

Til liks med Dalsfjordbrua, kjem du ut på brua gjennom tunnelar på begge sidene. Du kan lese meir ved å gå inn på denne linken:

http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=10119460

Vi ønskjer til lykke med opninga og gler oss til desember når det er vår tur!


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
394184