hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Bli med på skikkeleg brufest!

- Kom til Klausen Mekaniske Verkstad og bli sveisa i hop!
Publisert 10.12.2013 av

Etter opninga av Dalsfjordbrua kl 12, blir det ein offisiell middag med inviterte gjester i Askvoll. Deretter samlast alt godtfolk til ein skikkeleg festkveld på Helle, i lokala til Klausen Mekaniske: Kl 18: Festkvelden tek til. Servering av mat og drikke. Kl 19: Klausen Mekaniske Teater syner: «Kjærleiksreisa i Dalsfjorden» av Henning Rivedal. Ein nyskriven musikalsk revy over historia til Dalsfjordsambandet. Kl 21: Musikk og underhaldning frå brukommunane. Konferansier: Henning Rivedal. Kl 22: Dans ved Shamrock Lads, Ludoes og Sunday Morning. Kafé og stort utval av mat og drikke. Dette blir moro!

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
433096