hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Endeleg kan vi køyre brua!

Laurdag blir Dalsfjordbrua opna. Dette har vi venta lenge på, folkens! Derfor håper vi at mange, mange møter fram på opninga, og at alle heisar flagget på den store gledesdagen.
Publisert 10.12.2013 av

Programmet er som følgjer: kl 12.00: Opningsseremoni inne i tunnelen på sørsida, i armen mot Dalsfjordbrua kl 13.00: Fylkesordførar Åshild Kjelnes klipper snora kl 14.00 "Nostalgitur" med siste ferje frå Dale til tonefølgje av Dekor og Dale musikkorps. Max 150 plassar. 12. desember opnar fotoutstillinga til David Zadig: "Dei som bygger bruer". Utstillinga finn du i andre høgda på Dale senter fram til 11. januar. Transport til bruopninga: Frå Dale vil det gå bussar i skytteltrafikk til Nishammaren og rundkøyringa der. Bussane stoppar ved Dingemoen skule, Firda Billag og ved sjukeheimen. For aktørane rår vi dei til å satse på desse bussane. Det vil vere ekstra parkeringsopplegg i Dale. Det er ikkje mogeleg å gå inne i tunnelen. På grunn av arrangementet vert alle armar av Nishammartunnelen stengde frå kl. 10.00 til kl. 14.00.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
413672