hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Informasjon om bruopning

Her kjem litt informasjon om feiringa i høve bruopninga laurdag 14.desember.
Publisert 12.11.2013 av Bjørn Klausen

Informasjon er henta frå Fjaler Kommune sine heimsider (http://www.fjaler.kommune.no)

Opninga av Dalsfjordsambandet nærmar seg med stormskritt. Under her finn du informasjon om programmet og transport til opninga som går føre seg inne i tunnelen ved Nishammaren i Dale.

Statens Vegvesen og Sogn og Fjordane fylkeskommune v/ fylkesordførar Åshild Kjelsnes er ansvarlege for opninga.

I høve opninga oppmodast alle i heile Dalsfjordområdet til å heise flagget denne dagen!

Program

kl 12.00 Opningsseremoni

kl 13.00 Snora klyppast ved fylkesordførar Åshild Kjelnes

kl 14.00 "Nostalgitur" med siste ferje frå Dale til tonefølgje av Dekor og Dale musikkorps. Max 150 plassar

Om programmet

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes opnar Dalsfjordsambandet kl. 12.00. Vegvesenet oppfordrar alle til å møte opp i svært god tid, då me ventar at store delar av befolkninga i Fjaler og Askvoll vil stille på arrangementet.Opningsseremonien føregår inne i Nishammartunnelen, i arm mot Dalsfjordbrua, og på slutten av seremonien trekkjer me ut mot brua, der fylkesordføraren vil skjere over snora med ein spesiallaga lokal kniv frå Helle knivfabrikk i Askvoll. Seremonien er krydra med mange kulturelle innslag frå regionen, samt talar og helsingar frå sentrale aktørar.

Mange gjestar

Blant dei prominente gjestene under opninga er vegdirektør Terje Moe Gustavsen, regionvegsjef Helge Eidsnes, stortingspolitikarane Liv Signe Navarsete og Sveinung Rotevatn, fjalerordførar Arve Helle, askvollordførar Frida Melvær, fleire fylkespolitikarar og ordførarar frå nabokomunar. I tillegg er mange inviterte gjester til stades, mellom anna frå dei mange entreprenørane som har jobba på prosjektet, frå mellom anna Noreg, Italia, Nederland og Tyskland.

Publikum blir skyssa inn i tunnelen med bussar i skytteltrafikk frå Dale frå kl. 10.00. Folk frå Askvoll kjem også via Dale, etter først å ha blitt skyssa med buss og ferje/hurtigbåt over fjorden.

Klart for vegfest

Det blir enkel servering i tunnelen, og seremonien er slutt ca. kl. 13.00. Etter opninga blir publikum skyssa ut med bussar i skytteltrafikk, både i retning Dale og over Brua til Askvoll. Alle armar av Nishammartunnelen blir stengde frå kl. 10.00 til 14.30, og publikum skal opphalde seg i tunnel-armen ut mot brua.

Gamlevegen rundt Nishammaren blir open for personbilar medan tunnelen er stengt.

Transport til bruopningseremonien ved Nishammaren

Frå Dale vil det gå bussar frå kl 10.00 i skytteltrafikk til Nishammaren og rundkøyringa der. Bussane stoppar ved Dingemoen skule, Firda Billag og ved sjukeheimen. For aktørane rår vi dei til å satse på desse bussane. Det vil vere ekstra parkeringsopplegg i Dale.

Det er ikkje mogeleg å gå inne i tunnelen. På grunn av arrangementet vert alle armar av Nishammartunnelen stengde frå kl. 10.00 til kl. 14.00. Gamlevegen kan nyttast i den tida.

Det vert bussar i skytteltrafikk frå Holmedal til ferja og ekstrabåten på Eikenes. Ver klar over at Eikenes vil verte stengt for parkering.

"Dei som bygger bruer"

David Zadig si fotoutstilling, "Dei som bygger bruer", er open denne dagen frå kl 10.00 - 18.00. Den finn du i 2. høgda på Dale senter visavi frisørsalongen. Utstillinga vil vere open frå 12.12. - 11.01. i senteret si opningstid.

Kva skjer på den store brufesten?

Stad: Klausen Mekaniske Verksted, Hellestrand i Askvoll

kl 18.00 Servering opnar med sal av god mat frå Allmuen, Thaimat og drikke (mineralvatn, øl og vin).
kl 19.00 Urpremiere av Henning Rivedal sitt stykke "Kjærleiksreisa i Dalsfjorden"
Holmedal ungdomslag har samla dei beste amatørane langs heile Dalsfjorden til dette teaterstykket som inneheld både humor, nostalgi og mykje musikk. I registolen sit Rolf Losnegård. Stykket er eit historisk tilbakeblikk i Dalsfjorden - til ei anna tid. Billett kr 300 (barn kr 100)
kl 21.00 Musikk og underhaldning frå brukommunane. Konfransier: Henning Rivedal
Frå Fjaler kjem Dale musikkorps/storband som har samla sine beste solistar. God stemning a la Påskejammen. Frå Askvoll stiller i alle fall folk frå familien Leitet, islandsk artist frå Stongfjorden m.m.
kl 22.00 Dans med Shamrock Lads, Ludoes og Sunday Morning
kl 02.00 Festen er over

Billettar

Fellesbillett for heile kvelden kr 500,-

Musikk, underhaldning og dans (frå kl 21.00) kr 300,-

Teater kr 300,- / barn kr 100,-

MERK: DET VERT HØVE TIL Å BRUKE BANKKORT PÅ FESTEN

Transport til brufesten

Brufest-komiteen set opp transport etter behov under ordninga «Heim for ein 50-lapp». Ungdom under 30 år betalar kr. 50,- per tur uavhengig av kor langt det er heim, og kr 100,- for dei over 30 år per tur.

Frå Firda Billag, Dale til Klausen Mekaniske (via Holmedal, Vårdal, Helle):

Kl. 18:00

Kl. 20:00

Kl. 21:00

Retur frå Klausen Mekaniske:

Kl. 24:00 til Dale via Askvoll sentrum

Kl. 02:00 – 1 buss til Askvoll sentrum og 1 til Dale via Holmedal

Det vert også sett opp transport frå bygdene rundt ved behov.

Vil du vere med på fellestransport denne kvelden?

Kontakt ein av desse innan 12. desember kl 14.00

For Askvoll kommune: jeroen.van.gangelen@askvoll.kommune.no

For Fjaler kommune: ingeborg.tysnes@fjaler.kommune.no

Sist endra 11.05.2014

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
420010