hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Filmlansering på ny nettstad

Aksjon Dalsfjordbrua presenterer filmen om Dalsfjordbrua.
Publisert 27.10.2006 av Tor Egil Furevikstrand

Laurdag 28. oktober er det duka for brufest i Askvoll, og høgdepunktet er i år premiere på filmen Draumen om ei bru. Dalsfjordbrua. Den filmen er laga etter eit initiativ frå Aksjon Dalsfjordbrua, men er produsert av Merlin Studio i Dale. Manus til filmen har forfattar og bruaksjonist Rolf Losnegård skrive.

Filmen har vore eit økonomisk løft for Aksjon Dalsfjordbrua, og vi vil takke dei som har vore med å få dette i stand: Askvoll kommune, Fjaler kommune, Fjaler Sparebank, Helle, Klausen Mekaniske Verksted AS, Automarin AS, Elis AS, D/S Ekspedisjon, Dale Spesialvarer as, Fjaler profilering, Maskin-entreprenør Kåre Håland.

Aksjonskomiteen vonar at filmen i fyrste rekkje skal selje saka vår inn mot sentrale stortingspolitikarar i Oslo, som ikkje kjenner saka vår i detalj - og som ikkje har sett skandalen med sine eigne auge.

Og for dei som framleis lurer: Det blir bru.

Sist endra 26.10.2006

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
413730