hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Svein Helle til minne.

Det var med stor sorg vi rett før årsskiftet mottok meldinga om at Svein Helle er gått bort. Tankane våre går til familien og spesielt til dei to ungdommane i huset, Svein Erik og Siri, som han var så inderleg glad i.
Publisert 10.01.2007 av Rolf Kleiven

Svein tok initiativ og leia Aksjon Dalsfjordbrua dei første åra på ein framifrå måte. Han gjorde dette på sitt kloke og varlege vis. Det trur vi er hovudgrunnen til at dette aksjonsarbeidet har vorte  respektert i alle leirar. Svein var oppteken av argument, dialog og samarbeid. Dette, saman med positiv og humørfylt tankegang, var den vegen han synte oss for å nå målet til aksjonskomiteen.

Svein si drivkraft var trua på ungdommen og framtida, han nemnde dette igjen og igjen når vi samlast til møte, aksjonar og reiser for saka vår. Vi lovar å gjere alt vi kan for å fullføre prosjektet ditt; ungdom attende til Dalsfjorden, bundne saman av brua.

Vi var heldige som fekk samarbeide med Svein -  ein liten, men likevel ein stor mann.

Takk for alle dei gode samtaler og alle gode minne.

 

Fred over minnet.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406657