hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Konsekvensutgreiing snart klar

Konsekvensutgreiinga (KU) av prosjektet vårt nærmar seg slutten.
Publisert 10.01.2007 av Rolf Kleiven

Etter nesten eitt års arbeid (SAMARBEID MELLOM LOKALE MYNDIGHEITER OG VEGKONTORET) nærmar arbeidet med konsekvensutgreiinga seg slutten med målsetjing om ferdiggjering i løpet av februar månad. Det sjuande møtet mellom referansegruppa og vegkontoret vert i Dale onsdag 7. februar.

Konsekvensutgriinga vert lagt ut til offentleg høyring i 6 veker og i samband med dette vert det tillyst eit nytt folkemøte i HAFS om saka
 
Parallelt med høyringa vert reguleringsarbeidet påbegynt i mars månad slik at ein held fristane for planarbeidet med byggestart 2009.

Som kjent sit desse personane i referansegruppa:

Aud Kari Steinsland, ordførar i Askvoll kommune
Alfred Vorland, administrasjonssjef i Askvoll kommune
Arve Helle, ordførar i Fjaler kommune
Arne Kyrkjebø
Rolf Kleiven, Aksjon Dalsfjordbrua

For vegkontoret møter som regel:
Gunnar Søderholm
Ingar Hals
Olav Terje Hove


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406637