hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Full politisk støtte til brua

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete sikrar Dalsfjordbrua.
Publisert 02.03.2007 av Tor Egil Furevikstrand

- Dersom Navarsete vert sitjande som statsråd, kjem ho til å setje sitt endelege godkjenningsstempel på prosjektet når siste del av inneverande vegplanperiode, fram til 2015, skal vedtakast, seier statssekretær Steinulf Tungesvik til Aftenposten.no.
   Det er Aftenposten som i dag problematiserer at samferdsleministeren er villig til bruke 1 milliard på ei bru i heimfylket sitt, men statssekretær Tungesvik poengeterer at det ikkje er Navarsete som eig prosjektet:
   - Det er ikke Navarsete sitt prosjekt, men Sogn og Fjordane sitt. Ho meiner likevel det er rett bruk av vegpengane, og fylkestinget har prioritert prosjektet, seier statssekretæren.
   Tungesvik understreker at vegpolitikk òg handlar om å sikre busetjing, og han argumenterer mot at utkantområde får meir av vegmidlane, og han trekkjer ferdig Bjørvika-tunnelen (pris: 4,6 milliardar) som eit døme på eit byutviklingsprosjekt i Oslo-området.

Les heile artikkelen her: http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/article1668845.ece

 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
394185