hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Støtte til brua i spørjetimen

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete avviste i spørjetimen i Stortinget onsdag kritikk frå Per Sandberg (Frp).
Publisert 07.03.2007 av Tor Egil Furevikstrand

Sandberg stilte spørsmål om Navarsete prioriterer heimefylket framfor andre fylke. I denne samanhengen drog Sandberg fram Dalsfjordbrua.
   - Er det tilfeldig at statsråden no plutseleg lover nesten 1 milliard statlege kroner til eige fylke til ei bru med årsdøgntrafikk på 45 bilar (...) og som fylkesmannen i Sogn og Fjordane har frårådd fordi fylket ikkje har råd til det?
   Samferdsleministeren var glad for å få høve til å svare på dei påstandane som Sandberg kom med, ettersom saka også var omtalt i Aftenposten nyleg. Navarsete var tydleg på at det ikkje var ho, men fylkestinget, som hadde løyva pengar til prosjektet.
   - Statsråden har ikkje lova 1 milliard kr til Dalsfjordsambandet. Fylkestinget i Sogn og Fjordane har ved to høve prioritert Dalsfjordsambandet på topp i dei fylkesvise prioriteringane på riksvegløyvingane som fylket har prioriteringsansvar for, sa Navarsete.

Respekt for lokaldemokratiet
Liv Signe Navarsete poengterte vidare at ein skal ha respekt for lokaldemokratiet. Det betyr at vegbyråkratane ikkje kan overprøve dei vedtak som fylkestinget gjer.
   - Fylkestinget sitt vedtak skal stå fast. Det seier eg òg når det gjeld andre fylke. Det er ikkje spesielt for Sogn og Fjordane, slo Navarsete fast.

Ynskjer du å lese heile ordvekslinga? Les referatet frå spørjetimen på www.stortinget.no


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
394157