hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Bli med på fotodugnad!

Nettsida til Aksjon Dalsfjordbrua treng bilete til biletarkivet. Har du gode bilete frå brurelaterte samanhengar, så er vi interesserte.
Publisert 26.10.2006 av Tor Egil Furevikstrand

dalsfjordbrua.no tek mål av seg å vere ei side som speglar den aktiviteten som har vore i denne noko spesielle saka, men for å få til det treng vi hjelp av deg.

Det vi ynksjer i fyrste omgang er bilete. Det kan vere bilete frå marsjar, festar, opptog og andre markeringar. Har du digitale bilete er det berre å sende dei til oss. Viss ikkje kan du skanne dei sjølv, eller vi kan gjere det for deg, men i så fall må vi få låne biletet ei stund.

PS! Det er ekstra kjekt viss de kan hjelpe oss til å identifisere personar på bilete. Vi ynskjer nemleg å ha best muleg informasjon i biletteksten.

Send bilete til komiteen@dalsfjordbrua.no.

Eller som sneglepost til Tor Egil Furevikstrand, Bakke, 6982 Holmedal. 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406592