hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

By mot land i VG

Ifølgje kjelder i VG har avisa bestemt seg for å setje by opp mot land i samferdslepolitikken. Difor har Dalsfjordbrua vorte ei symbolsak for avisa dei to siste dagane.
Publisert 09.03.2007 av Tor Egil Furevikstrand

Dalsfjordbrua har dei to siste dagane figurert i VG, men diverre med negativt forteikn. Avisa har ukritisk teke opp hansken som Per Sandberg (Frp) kasta ut i spørjetimen i Stortinget onsdag.

Bru mot E18  
I torsdagsutgåva sette avisa trafikktettleiken på E18 opp mot biltalet på Dale-Eikenes. Avisa gjorde eit stort poeng ut av at det dagleg berre reiser 45 bilar over fjorden, medan det på E18 køyrer 70000 bilar kvar dag. SINTEF si trafikkstipulering med 750 bilar over brua vart berre nemnt avslutningsvis.
   I utgåva på fredag løfta avisa fram personar som prøvde å så tvil om det verkeleg vil gå 750 bilar over brua. Leiar i Aksjon Dalsfjordbrua, Rolf Kleiven, og ordførar i Fjaler, Arve Helle, fekk i same avisa høve til å støtte opp om SINTEF sine tal.
   - Dette er kvalitetssikra av SINTEF, poengterer Helle til VG. Helle og Kleiven er oppgitte over den kritikken som er komen. dei reagerer blant anna på den prislappen avisa opererer med.
   - Brua kostar ikkje ein milliard kroner. Det siste reknestykket er på 595 millionar kroner, påpeiker Kleiven overfor VG. 

Nytt reknestykke
På torsdag rekna VG seg fram til at brua med eit dagleg trafikktal på 45 bilar vil koste 2400 kroner per bilist per dag i 25 år. Kleiven demonstrerte til VG at det går an å rekne annleis:
   - Vi har teke utgangspunkt i ein brukostnad på 600 millionar kroner, og trekt i frå 250 millionar i ferjeavløysingsmidlar i 25 år (...) Så har vi delt på 25 år, 365 dagar og 750 bilar. Då kjem vil til vel 51 kroner per bilist.

Tøffe tak  
Som de forstår er det ikkje enkelt å byggje bru, men Dalsfjordbrua.no ville takke alle som stiller opp for saka vår. Og til trøst: Saka vert nok ikkje avgjort i VG. 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
424864