hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Brua i Dagbladet-leiar

- Ingenting tyder på at samferdsleminister Liv Signe Navarsete har misbrukt makta si i Dalsfjordbru-saka, skriv Dagbladet i leiarartikkelen sin måndag 12. mars.
Publisert 12.03.2007 av Tor Egil Furevikstrand

I leiaren på side to i avisa, skriv Dagbladet:

- Det er oppstått ein merkeleg strid om eit bruprosjekt i Sogn og Fjordane. Framstegspartiet (Frp) er på leiting etter eit bevis for at samferdsleminister Liv Signe Navarsete bruker statsrådsstillinga si til å gje heimfylket ei hjelpande hand utanfor tur. No er det ingenting som tyder på det.

 

Dagbladet-leiaren meiner at Navarsete opptrer korrekt og at ho vedkjenner seg den politiske fortida som fylkespolitikar som støtta bruprosjektet.

 

- Som samferdsleminister følgjer ho opp prioriteringa til Sogn og Fjordane. I fylket stod Senterpartiet saman med Frp, som til og med ville bruke meir til prosjektet enn Navarsete, skriv Dagbladet.

 

Vidare presiserer leiarartikkelen at Frp i Stortinget har eit anna syn enn fylkespartiet.

 

- Slik opptrer jo Frp ofte, særleg i samferdslesaker, skriv avisa, og nemner bomringen i Oslo som døme. Der går Frp inn for bomring når lokalpartiet handsamar saka, medan partiet tek avstand frå bomring nasjonalt. Det same skal ha skjedd i Vestfold.

 

- Lykkeleg er det parti som systematisk kan opptre med forskjellige standpunkt alt etter kva slags veljarar det vender seg til, avsluttar Dagbladet-leiaren.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
424871