hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

På plass blant offisielle vegprosjekt

Endeleg har Statens vegvesen publisert informasjon kring Dalsfjordsambandet på sine eigne nettsider.
Publisert 03.04.2007 av Tor Egil Furevikstrand

Dalsfjordsambandet har mangla under oversynet over vegprosjekt som Statens vegvesen jobbar med i Sogn og Fjordane. Dalsfjorbrua.no veit at referansegruppa ved fleire høve har bede om at informasjon kring prosessen skal verte publisert på vegvesenet sine offisielle sider. Det har endeleg skjedd, og du kan lese alt ved å trykke på lenkja under:

http://www.vegvesen.no/servlet/Satellite?cid=1173957586701&pagename=SVV%2FSVVforwardToSite&c=Publication

På desse sidene står det blant anna: "Det vert no jobba med det formelle plangrunnlaget for å forbetre dette sambandet. Ein held no på med konsekvensutgreiing og kommunedelplan med sikte på utlegging våren 2007."

Offentleggjeringa av dette arbeidet er altså snart førestaåande. Det betyr at etter påske vil vi få vite resultatet av konsekvensutgreiinga og kva innstilling som vegkontoret kjem med. Vi går med andre ord spennande dagar i møte.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
415011