hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Ny støtte i avisleiar

Frå før har leiarane i BT og Dagbladet støtta Dalsfjordsambandet mot åtaka frå Aftenposten og VG. No kjem det støtta òg frå Haugesunds Avis.
Publisert 03.04.2007 av Tor Egil Furevikstrand

Leiaren i Haugesunds Avis tok måndag 2. mars eit oppgjer med denne måten Aftenposten framstilte Dalsfjordbrua-prosjektet ei tid tilbake. Her snur avisa frå Haugsund argumenta til Aftenposten og andre markante medie i hovudstanden på hovudet.

I staden for at folkettalet skal bestemme overføringane frå Staten, bør ein heller leggje meir vekt på verdiskapinga i ein region. Og på Vestlandet skjer denne verdiskapinga på tross av, og ikkje på grunn av, vegnettet, meiner avisa.

Haugsunds avis peikar òg på kor mykje dyrare det er å ferdast langs vegane på Vestlandet enn på Austlandet, og dei konkluderer med at det må vere ei nasjonal målsetjing å redusere slike skilnader, ikkje auke dei.

- Det klarer ein ikkje viss vegmidlane skal omprioriterast slik at det sentrale austlandsområdet leggjer beslag på endå meir,slår leiar i Haugesunds Avis fast. 

Les heile artikkelen her: http://www.h-avis.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20070402/VARMENING/104020004/1005/AKTUELT 


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406878