hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Meir om pressekonferansen

Gladmelding: Offensiv og løysingsorientert vegsjef på pressekonferansen.
Publisert 19.04.2007 av Rolf Kleiven


Aksjon Dalsfjorbrua var i lag med aviser, NRK radio og Vestlandsrevyen til stades på pressekonferansen på Leikanger 16. april. I etterkant har media gjeve denne hendinga god dekning. Og som presseoppslaga viser, var dette ein stor dag for HAFS med ei klinkande klar tilråding frå vegsjef Torpp: "DET VERT BYGD BRU OVER DALSFJORDEN!".

Pressekonferansen var prega av ein offensiv vegsjef Torpp som understreka det gode samarbeidet med involverte kommunar og aksjonskomite i planarbeidet. Etter Torpp si innleiing la plansjef Gunnar Søderholm fram hovudpunkta i konsekvensutgreiinga på ein ryddig og grei måte. Denne utgeiinga har vi lagt link til på denne sida under førre sak. Utgreiinga skal ligge ute på høyring i 6 veker.

Avslutningsvis fekk pressa stille spørsmål til vegkontoret, og ein la merke til ein løysingsorientert vegsjef i forhold til neste steg i saka: finansiering. Torpp la her fram fleire mogelegheiter som må diskuterast vidare med ulike politiske nivå; lokalt, fylkeskommunalt og statleg.

I dagane etter pressekonferansen merkar vi i aksjonskomiteen ei ekte glede og store forventningar blant folk til ei framtid med bru over Dalsfjorden. Gratulasjonane strøymer på, noko som varmar alle oss i aksjonskomiteen - tusen takk!

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406605