hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Fantastisk oppmøte på folkemøte i Holmedal

Tysdag 15. mai feira nesten 200 menneske frå HAFS 17. mai på førehand i Holmedal.
Publisert 16.05.2007 av Rolf Kleiven

Vegkontoret var på plass for å informere om planprosessen og konklusjonar i konsekvensutgreiinga. Som tidlegare offentleggjort konkluderer vegkontoret med at det skal byggast BRU over Dalsfjorden.

Møta vart leia av ordførar i Askvoll kommune Aud Kari Steinsland som starta med å introdusere dei minste ungane ved Montesorriskulen i Holmedal som framførte flott barnesong.

Vegkontoret ved plansjef Gunnar Søderholm brukte første delen av møtet til å informere om planarbeidet. Dette gjorde han grundig og lett forståeleg for forsamlinga, og det må vere kjekt for ein vegbyråkrat å kome til Dalsfjorden og få applaus.

Etter pausen, der vi fekk servert kaffe og vaflar frå Holmedal ungdomslag, var det tid for spørsmål/synspunkt med eit panel som bestod av representantar frå vegkontoret og den lokale referansegruppa. Fleire i salen hadde spørsmål/synspunkt som var prega av optimisme og takksemd for at ein er kome så langt i prosessen. Eit sers sterkt innlegg frå fylkestingsrepresentant Åshild Kjelsnes varma forsamlinga, der ho påpeikte, som andre, den viktige kampen framover for å få på plass finansieringa av prosjektet.

Takk til alle som møtte opp, vi trur vel at det vert lagt merke til at nærare 200 menneske møter opp på eit vegmøte. (Det vanlege er 10-12, vart det uttalt frå vegkontoret.) Dette viser det brennande engasjementet i Dalsfjorden.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
406885