hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Lesarinnlegg i lokalaviser

Aksjon Dalsfjordbrua har saman med ordførar Aud Kari Steinsland i Askvoll kommune og ordførar Arve Helle i Fjaler kommune skrive vedlagde lesarinnlegg til 4 lokalaviser i Sogn og Fjordane. Innlegget stod i Firda på laurdag.
Publisert 08.06.2007 av Rolf Kleiven

Om Dalsfjordbrua

Nok ein gong har det vore støy om Dalsfjordbrua i pressa. Vi håpar med dette å bidra til å rette opp nokre feil, komme med nokre saksopplysningar, og i tillegg gje uttrykk for nokre synspunkt på visse haldningar i debatten.

Underteikna er med i Vegvesenet si referansegruppe for planarbeidet, og dette arbeidet går no for fullt og er i rute etter timeplanen. Samarbeidet mellom kommunane og Vegkontoret er det aller beste, og planane skal leggast fram for kommunestyra i Askvoll og Fjaler i slutten av juni i år. Deretter skal planane handsamast i fylkesting og Storting. Vi er glade for vegsjef Torp si uttale på pressekonferansen i april om at ”Dalsfjordbrua kommer!” Og vi er glade for samferdsleminister Liv Signe Navarsete si pressemelding like etter at ho vart statsråd hausten 2005, der ho ber om at Dalsfjordbrua vert gjort klart for oppstart hausten 2009. Saman med fylkestinget si prioritering frå 2005 og HAFS-kommunane sine prioriteringar er dette sterke politiske og administrative føringar. I tillegg kjem dei ni kystkommunane sitt arbeid for ein kystveg i Sogn og Fjordane. Som kjent går kyststamvegen – i motsetning til hos våre naboar i sør og nord – langt inne i landet hos oss. Dalsfjordbrua er ein viktig lekk i dette ytre riksvegsambandet som no er kome inn i Nasjonal Transportplan. Dette er eit samband som vil bli viktig for næringslivet langs kysten, ikkje minst med tanke på Lutelandet.

Med dette som bakgrunn, og dei sterke vedtak som er gjort på fylkestinget om å styrke HAFS-regionen sitt næringsliv og busetnad, er det med undring vi ser utspel frå politikarar i nabokommunar. Politikarar som sjølv har vore med på å stemt for desse vedtaka, dei ser no ut til å snu på hælen, og vi må spørje: Er det ikkje nok for Førde at ein har fått kyststamveg, sjukehus og andre viktige sentrumsfunksjonar? Må ein i tillegg prøve å hindre at naboar får sårt tiltrengte vegsamband? Faktum er at HAFS-området ikkje har fått ei einaste krone til nye riksveganlegg sidan 1980. I den same perioden har resten av fylket fått over 4, 5 milliardar riksvegkroner. Er det då så urimeleg med ei Dalsfjordbru m/ tilknytningsveg til 709 millionar? Ja, for det er det som er rette talet, ikkje dei 871 millionar som er slått opp i Firda. Utbetring av Dale – Setenes til 162 mill. er eit rassikringsprosjekt. Rett nok ønskjer Vegvesenet av praktiske grunnar å legge dei to prosjekta innafor same anleggsperiode, men viss ikkje Dale-Setenes står for tur til å få rassikringsmidlar, vil Dalsfjordbrua bli kopla til det eksisterande vegnettet med ei førebels løysing. At ikkje politikarar og journalistar er i stand til å lese dette ut av rimeleg klåre og lettfattelege saksdokument, gjer at vi må spørje: er dei framleis ikkje ferdige med å mobbe dette prosjektet? Er dei – etter alle desse åra – enno ikkje i stand til å sjå at dette er eit livsviktig prosjekt for vår region?

Andre ser det. Fagfolka ser det, dei som har laga trafikkanalysen og stadfesta to gonger at trafikken over brua vil bli om lag 750 bilar i døgnet. I konsekvensutgreiinga står det, og vi saksar eit par sitat:
”Det er dokumentert eit stort potensiale for ein samling av regionen/interesseområdet til ein arbeidsmarknad”…..”Brualternativet vil gi god måloppnåing i høve til å gje næringslivet i området eit godt tilbod for transport av varer og tenester, og større marknadsområde”…”For skuleungdom i Askvoll vil eit brusamband gi ny fleksibilitet i høve til organisering av skuledagen og deltaking i fritidsaktivitetar på kveldstid” osb.

Kanskje somme ikkje likar dette? Kanskje nokre politikarar i Førde er redde?

Folk i området Askvoll- Holmedal – Dale ser i alle fall ut til å gle seg til brua.
Bortimot 200 personar møtte opp på folkemøte i Holmedal Bygdehus 15. mai, og meiningane som kom fram var eintydige.

Er det noko gale med dette? Bør vi slett ikkje gle oss over at storsamfunnet satsar over 700 mill. for å gje dette området eit sårt tiltrengt løft? Bør vi gjere som vi alltid har gjort – krangle om vegpengane til møringar og hordalendingar fer avgarde med dei? Eller bør vi kanskje prøve å stå saman, unne kvarandre positiv utvikling, gjere kvarandre gode som det heiter på fotballbana? Kanskje det kan vere ei haldning å gje vidare til den oppveksande slekt. Kanskje det til og med kan vere ei haldning som kan få våre ungdommar til å komme heim att, og få andre til å flytte hit?

Vi veit godt at det er ei stor utfordring å finansiere Bremangersambandet og Dalsfjordbrua innafor same periode. Det kjem likevel aldri på tale for oss å motarbeide Bremangersambandet på nokon måte. Tvert imot vil vi jobbe saman med dei for å løyse denne utfordringa. Samferdsleministeren sine ord om å styre vegpengane meir mot grisgrendte strøk, gjev oss tru på auka rammer. I tillegg kjem ferjeavløysingsmidlar, og vi ser også på andre muligheiter som det er for tidleg å komme inn på her. Men vi kan forsikre om at vi jobbar med saka. Og vi kan forsikre om ein ting til: Viss vi i Sogn og Fjordane greier å stå saman, så vil vi også greie å løyse denne og endå større utfordringar.      

Aud Kari Steinsland, ordførar i Asvkoll
Arve Helle, ordførar i Fjaler
Rolf Kleiven , Aksjon Dalsfjordbrua

Sist endra 06.08.2007

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
433100