hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Klarsignal for bru

Kommunestyra i Askvoll og Fjaler har no godkjent konsekvensutgreiinga og innstillinga frå vegkontoret.
Publisert 27.06.2007 av Tor Egil Furevikstrand

Askvoll kommunestyre godkjente konsekvensutgreiinga og innstillinga før helga, medan kommunestyret i Fjaler røysta over det måndag kveld. Dei folkevalde i Askvoll hadde endra litt på ordlyden, men likevel vart vedtaka likelydane, sidan politikarane i Fjaler utan vidare godtok dei endringane som askvollingane hadde gjort. 

Lovord til AK
I Fjaler kommunestyre hausta Aksjon Dalsfjordbrua mykje skryt for at saka har kome så langt. Alle partileiarane gav uttrykk for respekt for det arbeidet som aksjonsgruppa har lagt ned.  

Saka går vidare
Desse kommunestyrevedtaka gjer at reguleringsplanarbeidet kan starte opp for fullt.


Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
402530