hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Ulike brutypar

Vegkontoret la fram ulike brutypar.
Publisert 17.12.2007 av Rolf Kleiven

På møtet med referansegruppa torsdag 13. desember la vegkontoret fram resultata av planarbeidet pr dato.
 
4-5 ulike brutypar er vorte vurderte og ein går no vidare med 3 av desse. Avgjerande vert sjølvsagt økonomi, arkitektur og tekniske løysingar. Uansett har ein no korta spennet med 25 meter og husa på Otterstein ser ut til å vere berga. 
 
Vidare er ein komen så langt at namnsetting av bru og tunnelar var oppe til handsaming. Det er vel inga overrasking at brua truleg får namnet Dalsfjordbrua, medan det kan vere større diskusjon om tunnelane.
 
Reguleringsplanarbeidet er elles i rute.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
392466