hovudsidafilmenaktuelthistorikkbiletekomiteenlenkjer
<< tilbake

Besøk frå Fosnes kommune 25. og 26. januar

I helga hadde vi besøk av ordførar Bjørg Tingstad og leiaren i brulaget Lorentz Åge Langaas frå Jøa i Fosnes kommune.
Publisert 29.01.2008 av Rolf Kleiven


Dei har ei liknande bru som Dalsfjordbrua som mål til øya Jøa med 600 innbyggarar. Etter møte i 3 timar fredag hadde vi felles middag, og laurdag var vi på synfaring med båt på Dalsfjorden. Vi har vidare avtalt samarbeid om felles utfordringar, og vi har lova kvarandre å stille på kvar sine bruopningar! Vi takkar for besøket frå særs hyggelege gjester.

Aksjon Dalsfjordbrua, komiteen@dalsfjordbrua.no
Fakta

I 1974 vedtok Stortinget å byggje veg frå Eikenes til Ottersteinen med bru over til Nishammaren.

På fem år bygde ein vel 4 km ferdig planert veg, som omfatta 500 m tunnel og 1,1 km ferdigstilt veg. Arbeidet vart stogga i 1979.

Først i 2005 vedtok fylkestinget å gjere ferdig Dalsfjordsambandet. Brua stod ferdig i desember 2013.

Sjå kart her

Statens vegvesen sine sider om Dalsfjordbrua

kystvegen.com
45minuttsregionen.com


Aktuelt

10.12.2013
Endeleg kan vi køyre brua!

10.12.2013
Bli med på skikkeleg brufest!

12.11.2013
Informasjon om bruopning



Bilete




Gjestar sidan 27.10.2006:
394178